- Dette er ein uprofesjonell måte å behandle kunstnarar på. Dei kan ikkje skjønne kva det dreier seg om, seier Kjersti Wexelen Goksøyr.
I juni 2001 leverte Goksøyr frå seg eit tinga skulpturutkast til ein verdi av 70 tusen kroner.
I dag, over to år seinare, har prosjektleiinga enno ikkje bestemt korleis psykiatrisenteret skal verte utsmykt. Dette er uhøyrt, hevdar Goksøyr.
To år med utsetjingar
For to og eit halvt år sidan vart kunstnar Kjersti Wexelsen Goksøyr invitert til ein lukka utsmykkingskonkurranse ved Indre Sogn Psykiatrisenter i Sogndal. I juni 2001 køyrde ho sjølv konkurranseutkastet frå Nittedal til Sogndal. Etter over to år med utsetjingar har prosjektleiinga enno ikkje bestemt korleis dei skal smykka ut det nye psykiatrisenteret. Goksøyr har ringt fleire gonger, men leiinga for byggjeprosjektet kan ikkje seie noko om kva for eit kunstverk dei skal satsa på.
- Eg undrar meg over at dei ikkje gidd å ta seg tid til å sjå på det ein gong.
70.000 kroner
Utkastet til Goksøyr, som har stått og støva ned i Sogndal, har ein verdi på 70 tusen kroner. Regelverket seier at eit utkast i ein lukka utsmykkingskonkurranse høyrer til kunstnaren. Fyrst etter at Goksøyr i slutten av september sendte eit brev der ho kravde at prosjektleiinga skulle sende utkastet attende snarast, har modellen vorte returner.
-Nedprioritert
Prosjektleiar for Indre Sogn Psykiatrisenter, Jan-Tore Rosenlund, forklarar somlet med at staten overtok etter Sogn og Fjordane fylkeskommune som eigarar for prosjektet i 2002. Utsmykkingskomiteen vart då lagt ned, arbeidet med utsmykkinga stoppa opp og har altså ikkje kome i gang att. Rosenlund vedgår at prosjektleiinga har nedprioritert utsmykkinga.
- Prosjektet har hatt mange utfordringar. Den kunstnariske delen er berre litt av det.
Rosenlund beklagar at dei ikkje har informert Goksøyr godt nok.
Stor usemje
NRK veit også at det var stor usemje i den nedlagde utsmykkingskomiteen, noko som førte til at den forrige kunstnariske konsulenten trekte seg for halvanna år sidan. Rosenlund lovar at ei ny usmykkingsnemnd snart skal vere på plass. Men den nye nemnda kan koma til å sjå vekk frå dei tre utkasta frå 2001 og heller satsa på lokale kunstnarar, seier Rosenlund.
Etter over to år med rot, er det no slutt på tolmodet til Kjersti Wexelsen Goksøyr.
- Det er frustrerande og respektlaust. No har eg ikkje lyst å samarbeide meir.