Hopp til innhold

Offentleggjer omstridde Fjord1-dokument

Fylkesrådmannen går no gjennom dokumenta i Fjord1-saka som fylkeskommunen til no har unnateke innsyn.

Fylkesrådmann Tore Eriksen og fylkesordførar Jenny Føllling

FRIGIR: Fylkesrådmann Tore Eriksen har starta arbeidet med å offentleggjere dokument i samband med det omstridde Fjord1-salet.

Foto: Bård Siem / NRK

Det melder fylkeskommunen på sine nettsider no i kveld. Fylkesrådmannen starta arbeidet etter eit telefonmøte i fylkesutvalet 27. november.

Dette møtet var dagen etter at både Fjord1-styret og direktør Dagfinn Neteland trekte seg – og retta krass kritikk mot fylkeskommunen.

– Det vart gjort eit vedtak om å gå igjennom og nedgradere så mykje som mogleg av dokumenta, seier fylkesordførar Jenny Følling (Sp) til NRK.

Sladda offentleggjering

Prosessen rundt salet av Fjord1 til Torghatten har fått krass kritikk frå fleire hald. Motstandarar og mindretalet i fylkestinget jobbar for å få saka behandla på nytt. Nær sagt alle dokument har blitt unnateke offentlegheita.

Torsdag morgon seier fylkesrådmann Tore Eriksen til NRK at dei offentleggjer dokumenta fordi det er rett å gjere det.

– Vi ville normalt teke tak i dette uansett, men har fått klar beskjed frå mellom anna media som har bede om innsyn. Og når vedtaket om sal er gjort, er det rett å gjere dette. Etter kvart vil også andre dokument bli lagde ut, seier han.

På nettsida står det at dokumenta lagt fram i samband med fylkestinget 23. november er prioriterte.

Dokumenta blir offentleggjort i tida framover. Notata som er offentleggjort i dag er til dels sterkt sladda.

– Dei uprenta vedlegga som inneheld avtaledokumenta, er fullt ut unnateke offentlegheit. Dette er gjort for at vi skal oppfylle våre avtaleforpliktingar med Torghatten ASA på dette punktet, står på fylkeskommunen sine nettsider.

Sladdar presentasjon

Fylkesrådmannen si saksframstilling var offentleg frå starten.

– Saksframstillinga bygde på ei tilråding frå rådgjevarane våre frå 12. november (uprenta vedlegg 1). Tilrådinga ligg no føre i sladda versjon. Tilleggsdokumenta til tilrådinga, som omhandlar våre posisjonar i konkurranse- og forkjøpsproblematikken, er også vurdert. Desse notata er framleis i stor grad ikkje offentlege, skriv fylkeskommunen.

Fylkesordførar Jenny Følling viser til at det har blitt mange spekulasjonar og at dei difor ønskjer å offentleggjere mest mogleg.

– Dei første dokumenta som er offentleggjorde er til dels sterkt sladde, korleis ser ein då føre seg å unngå spekulasjonar?

– Det er slik at dei opplysningane som ikkje kan offentleggjerast, som kan skade fylket sine interesser og verdiar, og som er konkurransesensitive, dei må vi ta unna offentlegheita. Vi har ikkje noko val der, seier ho.

Følling kan ikkje seie noko om kor lang tid det vil ta å få gjennomgått alle dokumenta med tanke på offentleggjering.

I tillegg til saksdokumenta vert det lagt ut ein sladda versjon av presentasjonen fylkeskommunen sine rådgjevarar gav fylkestinget på tingseta 23. november.

SJÅ NOTATA:

FYLKESKOMMUNALE PRESENTASJONAR: