Hopp til innhold

Ødegaard gjer comeback i Førde

Fotballspelaren Alexander Ødegaard gjer comeback i 3. divisjonsklubben Førde.

Alexander Ødegaard
Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

31-åringen signerte i går ei kontrakt som gjer han til Førde-spelar dei neste to og eit halvt åra, skriv Firda.

Har framleis ambisjonar

Til avisa seier den tidlegare Sogndal, Rosenborg og Viking-spelaren at han håpar å kunne medverke til at moderklubben hans stabiliserer seg i 2. divisjon, men at han framleis har ambisjonar.

- Eg har ikkje lagt skjult på at eg framleis har ambisjonar som fotballspelar. Og så lenge Sogndal ikkje har signalisert meir interesse i det siste, var det viktig for meg å klarheit i kva eg skal gjere framover. Difor signerer eg no for Førde, seier Ødegaard til Firda.

Gledeleg for Førde IL

Tidlegare i sommar trente Ødegaard med Sogndal, og det skapte rykter om at han moglegeins var på veg tilbake til sattbygda. I staden har han no signert for Førde IL Fotball. Det gledar leiinga.

– Vi kan vel ikkje leggje skjul på at vi er svært glade for at Alexander Ødegaard allereie no vender tilbake til moderklubben. Gjennom si fotballkarriere har han bidrege svært mykje økonomisk for Førde, seier sportsleg leiar i Førde IL Fotball, Odd Hagen, til avisa.