«Inspirasjonen hentar eg frå Gud og djevelen og dei fire verdshjørna»

FØRDE/OSLO (NRK): Han har slutta å gå på bar, men kunsten, songen og skisseblokkene gir 80-årsjubilanten Oddvar Torsheim aldri slepp på.

Oddvar Torsheim

EIN INSTALLASJON: Oddleiv Apneseth har sagt at eg bur i ein installasjon. Det er ikkje så dumt sagt, seier multikunstnaren Oddvar Torsheim. Han har budd i huset i Førde sidan byrjinga av 1970-talet.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Det ser ut som ei bombe som har ramla ned. Men eg veit kor eg har alt, seier Oddvar Torsheim.

Huset hans over Førde er proppa med alt det som utgjer livet hans. Teikningar, skisser, foto av familien. Stablar med aviser som trugar med å gi seg over. På golvet står notestativ og keyboard.

– Du kan ikkje leve sånn seier Jorunn, dottera mi. Men når ho går, så er ho blid.

Kunsten

Multikunstnaren Oddvar Torsheim har runda 80 år, men er heilt utan planar om å trappe ned. Nummererte notatblokker blir etter tur og orden fylte med stikkord, stikkord, fleire stikkord. Torsheim kan sjå tilbake på over femti år som kunstnar.

Oddvar Torsheim

BAUTA: – Eg vil heller ha ein bauta enn ein gravstein, seier kunstnaren. Veggen på Sunnfjord hotell er pryda av hans arbeid.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Mens eg var til sjøs på det Indiske hav, søkte far min kunstskulen for meg. Han hadde raska i hop nokre skisser som låg i ei skuff. ​​

Slik blei det Bergens Kunsthåndverksskole, seinare København. Ei sentral tid for kunstnaren Torsheim.

– Det var alltid fest og eg var alltid blakk, men eg jobba kolossalt òg. Går du berre heime og trakkar, ser du ikkje skogen for berre tre. Då eg kom ned dit, såg eg Vestlandet.

Kritikken

Inspirasjonen hentar han frå mange stader. Frå naturen og vêret dei første barneåra på Sunnmøre, frå slekta, livet som sjømann, underverda i København.

– Eg bruker å seie inspirasjonen er frå Gud og djevelen og dei fire verdshjørna.

Han er kjent for pendle mellom det absurde og det komiske. Vise den tosidige menneskenaturen og peike på dobbeltmoral.

GLIMT AV TORSHEIM: Sjå video her.

Sjølv kallar han seg ein kommentator. Men heller ikkje Torsheim har vore skåna for kritikk. Kunsten og humoren hans har vore kalla dårleg, han ein amatør.

– Det gjer meg ikkje noko. Får du berre nusseleg kritikk blir du mistenksam.

Alvoret

Dottera Jorunn Torsheim meiner streken hans er heilt spesiell.

– Det er ingen andre som liknar. Når du ser bileta, ser du at det er han.

Humoren hans gjer at enkelte kan ha undervurdert kunstnaren Oddvar Torsheim, trur ho.

– Eg tenkjer av og til på pappa som Mozart. På overflata kan det sjå enkelt, lekkert og delikat ut. Men viss du går djupare, er der veldig mykje alvor og skarpe observasjonar i Mozart sin musikk og pappa sine bilete.

Far og dotter Torsheim klare for konsert

FAR OG DOTTER: Kanskje er det dottera Jorunn som kjenner Oddvar Torsheim best. – Eg veit nøyaktig kva han likar og ikkje likar. Det er mange som kanskje trur dei kjenner han, og tillegg han eigenskapar, seier ho.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

– Det er nokon som tenkjer at pappa alltid er så lystig, så morosam. Viss ein ser på bileta, vil ein sjå at det er eit stort alvor òg.

Familien

Kanskje er det ho som kjenner han best. I stovetaket til faren heng ein girlander frå den gong ho fylte 13 år. No er ho 44, songar og samarbeidspartnar. Faren kallar henne for "gullungen". Han verkar stolt der han peiker han på familiefotoa i stova.

– Der er ho ballettdansarinne. Der er ho nokre dagar gammal, seier han.

No har dottera fått eigne barn.

Oddvar Torsheim og barnebarnet Nils

BESTEFAR: – Det er stort, veldig kjekt. Og det er annleis enn eg trudde. Eg er veldig glad for at alt går vidare, seier Oddvar Torsheim om det å bli bestefar. Her saman med barnebarnet Nils. – Han har ledd sidan han blei fødd, den fyren der.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Det er fantastisk. Eg trudde aldri dei skulle dukke opp, desse fyrane. Det kom to som er veldig hyggjelege. Så kom det ein til. Eg tenkte han skulle bli ein sur gnom, men han ler heile tida, smiler Oddvar Torsheim.

Rangelen

Mor hans blei 100 år. No når han sjølv har fylt 80 meiner han det går rett veg.

– Eg merkar ikkje noka forandring. Men eg er overraska over at eg går her enno. For eg har vore med på mykje løje.

Men periodar av livet har også vore tøffe. Torsheim meiner ein veks på slikt. Han har slutta å gå på bar. Rangelen forstyrra han.

Oddvar Torsheim
Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Når ein går på rangel, slappar ein ikkje av, ein stikk av.

– Eg følte eg vart svekt av det. Og dotter mi var ikkje særleg blid. Det var ikkje nokon konflikt, vi var faktisk einige om at eg var litt for mykje ute.

Tørkleet

Torsheim har gjort opp for sunnheita han tidlegare ikkje brydde seg om. No går han seks kilometer om dagen og er ein profil i bybiletet i Førde. Alltid med skisseblokka i ei veske under armen, alltid det raude tørkleet i halsen.

– Slipshatar, veit du. Eg fekk det aldri til å sitje skikkeleg. Og så frys eg ofte på halsen. Og raudt er jo livets farge, fargens Formel1.

Skal han bli hugsa, håpar han det er for bilete som har gitt folk noko. I sitt åttiande år vil han lage store, stygge måleri, «slike som ingen vil ha». Kvile kan andre gjere.

– Eg ligg ikkje på sofaen, seier Torsheim.

– Det er så mykje papir der.

Han har slutta å gå på bar, men kunsten, songen og skisseblokkene gir 80-årsjubilanten Oddvar Torsheim aldri slepp på.

SJÅ REPORTASJE: Han har slutta å gå på bar, men kunsten, songen og skisseblokkene gir 80-årsjubilanten Oddvar Torsheim aldri slepp på.

Kjelde: allkunne.no