Laurdag blir multikunstnaren 75 år og dette blir markert på forskjellig vis. I dag var det Askvoll som heidra Oddvar Torsheim. Her blei han fødd for 75 år sidan. Ungar song for han og ordførar Frida Melvær heldt tale og var stolt over å kunne gjere stas på kunstnaren.
– Han blei fødd på Atløy 2. november 1938. Han budde rett nok berre eit år i Askvoll, men vi tykkjer at vi må feire at han har opphavet sitt her. Han er folkekjær og ein av oss, seier ho.
- LES OGSÅ:
I gåve fekk han ein kvadratmeter jord han skal eige. Her har det blitt reist ein statue av Torsheim og denne blei avduka i ettermiddag. Den er hogga i stein og laga av kunstnaren Stig Eikaas.
I morgon opnar ei kunstutstilling i Førde der han bur og søndag blir det avduka ein statue i Naustdal der han vaks opp. Oddvar Torsheim er glad for å bli heidra på denne måte.
– Kva skal ein stakkars seie? Det er veldig moro og eg er glad for å bli sett pris på, seier Torsheim.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ: