Hopp til innhold

Oddvar Røysi har selt cruisekai

Multimillionæren Oddvar Røysi har gjort alvor av trugsmåla sine og selt seawalken i Skjolden i Luster.

Testa ut mobil flytebryggje for cruiseskip i Skjolden

SELT: Investeringane til Oddvar Røysi er store i Skjolden.

Foto: Tage Skjaak Moen

Tidlegare i dag vart det kjent at selskapet Seawalk Nordfjord AS har kjøpt ein flytande kai og at Nordfjordeid vert cruise-destinasjon frå sommaren av.

I pressemeldinga står det at den flytande cruisekaia vart bygd i 2012 og at den i dag er plassert i Skjolden i Luster.

Eid-ordførar Alfred Bjørlo stadfestar at det er seawalken til Oddvar Røysi dei no har kjøpt.

– Det er rett at det er Røysi sin Seawalk som er blitt kjøpt til Nordfjord, stadfestar Bjørlo til NRK.

Oddvar Røysi ynskjer ikkje å kommentere saka.

Følt seg uthengt

Oddvar Røysi har fleire gonger truga med å rive investeringane sine i Luster fordi han har følt seg uønskt i kommunen.

Multimillionæren som er busett på Ringerike, har investert for kring 250 millionar kroner i Skjolden.

Bakgrunnen er ein konflikt med Luster kommune om plassering av helikoptertrafikk.

Oddvar Røysi

SELT: Oddvar Røysi har selt sin Seawalk i Skjolden. Sjølv ønsker han ikkje kommentere saka.

Foto: Haakon Dirk Blaauw / NRK

Røysi meiner også at lokalavisa Sogn Avis har hengt han ut.

Luster kommune har avvist skuldingane og meiner dei er harde og urimelege. Sogn Avis aviser også skuldingane.

Ordførar Ivar Kvalen seier Røysi søkte kommunen om å få fjerne seawalken.

– Det har kommunen gitt han løyve til, seier Kvalen.

Kvalen stadfestar også at seawalken for ei tid attende vart lagt ut for sal.

Ivar Kvalen

SYND: – Men får ikkje store konsekvensar for Skjolden, seier ordførar Ivar Kvalen.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Driv vidare

Ordføraren trur ikkje salet får store konsekvensar for cruisetrafikken som Skjolden har i dag.

– Seawalk vart brukt på dagar med dobbel booking. Kanskje var den i bruk fem gonger i løpet av sommaren. Til vanleg brukar cruiseskipa den store betongkaia.

Betongkaia er også bygd og 100 prosent eigd av Oddvar Røysi.

– Men det er sjølvsagt synd. Det hadde vore ønskeleg med større aktivitet i Skjolden, seier Kvalen.

Også i Porsanger i Finnmark skal dei ha vore interessert i å kjøpe Oddvar Røysi sin Seawalk.

Glede i Nordfjord

Eid-ordførar Alfred Bjørlo har ein god dag.

– Dette er utruleg viktig for Eid og regionen. Reiselivet er verdas raskast veksande næring, cruise er i vekst og Nordfjord var i ferd med å sakke akterut i høve resten av Vestlandet.

– Denne kaia vil gje Nordfjord sin del av veksten. Vi får ein kai som har korte avstandar til ulike utflukter i ytre Nordfjord, meiner Bjørlo.

Prisen for heile prosjektet, Seawalk og alt anna inkludert, vart på eit pressemøte på Nordfjordeid måndag, rekna til 30 millionar kroner. Eid kommune sitt bidrag er avgrensa til tre millionar kroner.

Alfred Bjørlo

GLAD: Ordførar Alfred Bjørlo under pressemøte om cruisekjøpet på Nordfjordeid måndag.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK