Hopp til innhold

Oddbjørg (78) held framleis koken på jobb

MÅLØY (NRK): Like sikkert som at makrellsesongen kjem attende kvart år, er også 78-åringen Oddbjørg Falkevik å finne på Måløy Seafood i sesongen.

Oddbjørg Falkevik Måløy Seafood

UNG I HJARTET: Oddbjørg Falkevik kjenner seg ikkje så gamal som ein 78-åring. Difor tykkjer ho det berre er kjekt å halde fram arbeidet på Måløy Seafood.

Foto: Harald Kolseth / NRK

I kring 40 år har fiskemottaket til Måløy Seafood vore arbeidsplassen hennar. Det var Fiskeribladet Fiskaren som først omtalte den spreke 78-åringen.

Ved samlebandet der makrellen blir pakka i kassar, arbeider Oddbjørg utan å mukke.

– Eg likar meg veldig godt. Eg likar å arbeide, og eg likar å arbeide med fisk, seier ho då NRK kjem på besøk.

– Dei stiller opp uansett

Oddbjørg Falkevik ved Måløy Seafood

HEKTISK: Til tider kan det vere svært travle periodar på fiskemottaket til Måløy Seafood i makrellsesongen. Berre kjekt, seier Oddbjørg Falkevik.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Oddbjørg er ikkje åleine blant den eldre garde på fiskemottaket. Dagleg leiar, Roger Skavøypoll, seier det er fleire grunnar til å nytte eldre, og ikkje berre unge.

– Det er jo det at det er ei veldig god arbeidskraft og at vi har korte sesongar. Den type folk som vil jobbe slik som vi held på no, er avgrensa. Det er veldig korte og intense sesongar, seier han.

Og det er ikkje snakk om at dei arbeider mot si eiga vilje, tvert imot.

– Dette er folk som vil arbeide. Dei er aldri vekke, ikkje ein dag sjukmeldt, og det er ikkje noko problem å få dei på jobb. Om det er laurdagar eller ettermiddagar, så møter dei uansett alltid opp, seier Skavøypoll.

Trivst godt med intenst arbeid

Det kan bli lange arbeidsperiodar for dei tilsette. Nokre gonger kan ein jobbe sju lange dagar i strekk, medan det er stille andre veker. Ofte må dei tilsette møte på svært kort varsel, av og til får dei beskjed berre eitt par timar før arbeidet startar. Det er ikkje eit problem for Oddbjørg.

– Det er heilt flott. Det er spennande å vite om det er jobb eller ikkje, seier 78-åringen.

– Burde fleire pensjonistar gjort som deg?

– Om dei har helse til det, så er det i alle fall veldig godt arbeid. Eg veit ikkje kva eg kan klare før eg kjem, og når eg kjem her så går det bra, seier ho.

Kor lenge ho blir verande hos Måløy Seafood veit ho ikkje. Det tek ho sesong for sesong.