Hopp til innhold

Odd (89) vil ikkje bli stryning igjen

GRODÅS/STRYN (NRK): I kveld får vi vite om Hornindal, Stryn og Volda sler seg saman, og om Indre Nordfjord blir ein del av Møre og Romsdal. Men dei NRK møtte var lite svoltne på Volda.

Odd Lødøen frå Hornindal

SJØLVSTENDIG: Odd Lødøen meiner å ha sett nok gjennom eit langt liv til å vite at det ikkje er grunn til å slå saman Stryn og Hornindal.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Vi har vore saman med Stryn før, og det er ikkje akkurat beste plassen å vere.

Odd Lødøen er på tur i Grodås sentrum. Utanfor butikken sit fleire karar og sler av ein prat. Skepsisen er stor til at Hornindal ikkje skal vere eiga kommune.

Har vore samanslått før

I 1965 vart Hornindal kløyvd i to. Ein del gikk til Eid, medan største delen gikk til Stryn. I 1977 var ekteskapet med stryningane over. I dag, snart 40 år etter, kan vi få svaret på om Hornindal kommune igjen er ein saga blott. Ola Lødøen håpar det ikkje skjer:

– Eg er født i 1926, så eg veit kva vi har vore gjennom. Vi står oss best åleine.

– Vi har det temmeleg bra

Ved same bordet sit også Jens Edvard Jensen og Oddbjørn Bakke, også dei går for framleis sjølvstende:

– Eg meiner vi har det temmeleg bra her i Hornindal, om vi absolutt må slå oss saman er det greit med Stryn, då slepp vi også dette med å endre fylkesgrensene, seier Jensen.

Oddbjørn Bakke og Jens Edvard Jensen

VIL IKKJE: Oddbjørn Bakke og Jens Edvard Jensen meiner Hornindal klarer seg best åleine i framtida.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Både Bakke og Jensen hadde likt at også Hornindal arrangerte folkerøysting. Ei storkommune med Volda er i alle fall heilt uaktuelt:

- Ei kommune frå Vikane i Stryn til Volda blir for lang avstand, seier Oddbjørn Bakke.

Trur på samanslåing

Lenger oppe i dalen er Kristi Elina Lødøen i full gang med å hjelpe til med slåtten. Ho òg er blant dei to hundre som har fått svare på innbyggarundersøkinga.

– Det er eg veldig glad for. Eg trur ikkje vi kan halde fram åleine. Vi er få, og det er alt no ein del tenester som derfor ikkje blir bemanna med heile stillingar, og som ikkje kan gjerast på ein skikkeleg måte, meiner Lødøen.

Kristi Elina Lødøen

TRUR PÅ SAMANSLÅING: Kristi Elina Lødøen har god tru på Hornindal og Stryn, men ikkje Volda.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Lødøen meiner Stryn er betre for Hornindal enn Volda.

– Eg har gått på skule i Stryn, kjenner folket, vi er nære synest eg. Det å være ein del av Sogn og Fjordane betyr også noko, eg er nordfjording, heilt bestemt.

Trur på Stryn og Hornindal

Då røystelokala opna klokka 12 i Stryn kulturhus var det godt tilsig. Iselin Rande meiner Stryn og Hornindal er den beste løysinga:

– Ein veit kva ein har. Å gå saman med Volda blir veldig stort, Stryn er ei stor kommune i utstrekning frå før. Sogn og Fjordane-identiteten betyr også noko, men det har ikkje vore avgjerande.

Røystealternativ for Stryn kommune

ALTERNATIVA: Folke i Stryn kan røyste over fleire ulike alternativ under folkerøystinga i dag.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Det er ikkje til å bli klok på

Tilbake i Hornindal meiner Ola Lødøen at utfallet i kveld er uvisst.

- Her i Hornindal har vi så mykje meiningar, det er ikkje råd å bli klok på.