NRK Meny
Normal

OBS-varsel: Stor fare for brann

Mange stader det no så tørt i terrenget at det skal lite til før det tek fyr i gras eller lyng. Du kan måtte stå att med rekninga om det brenn.

Skogbrann på Vetrhus i Selje

FORT GJORT: Slik såg det ut på Vetrhus i Selje i april 2013.

Foto: Bjarne Eldevik

Meteorologisk institutt har sendt ut eit OBS-varsel på lokalt stor gras- og lyngbrannfare for heile Sør-Norge. Spesielt ytre strok er utsett fram til det kjem ein del nedbør. På sundag er det auka fare for brann.

På laurdag tok det til å brenne i Bremanger etter at bråtebrenning kom ut av kontroll. Brannmannskap måtte kjempe mot flammane før dei etter nokre timar fekk sløkt lyngbrannen.

Du kan måtte betale

Brannsjef i Bremanger, Magne Igland, seier at når folk søkjer om å gjere opp eld på bøar og liknande, får dei ofte kalde føter når dei høyrer at dei kan måtte betale for eventuell utrykking og sløkkearbeid.

I Bremanger er det ikkje snakk om noko forbod mot bålbrenning etter hendinga på laurdag.

– Vi fylgjer med på vêrmeldingane. Dersom det ikkje kjem regn med det første, blir det veldig tørt.

Magne Igland

FYLGJER MED: Brannsjef Magne Igland i Bremanger.

Foto: Flora brannvern

I Sogn har Vidar Trettenes ansvaret for Vik, Balestrand, Leikanger, Sogndal og Luster. Han seier at det til no ikkje har vore så ille at dei har vurdert eit eige forbod mot bålbrenning.

– Det er grønt på markene, det har kome lauv på trea, og det er framleis snø i fjella. Men det skal ikkje gå så mange dagane med dette vêret før det kan bli aktuelt.

Han seier dei får ein del telefonar frå folk som ynskjer å brenne opp rusk og rask eller svi av tørt gras.

– Då er vi tydelege på at ansvaret ligg hjå den som tenner på. Blir det utrykking kan dei risikere å måtte betale.

Fleire brannar den siste tida

Natt til fredag tok det fyr i lyngen rundt ein trafostasjon på Stadlandet i Nordfjord. Etter fleire dagar utan nedbør er det svært tørt i terrenget mange stader.

Brann ved trafostasjon på Stadlandet

FERSKT DØME: Natt til fredag brann det rundt ein trafostasjon på Stadlandet. Der var ein jordfeil årsaka.

Foto: Kjell Bakkebø

Brannsjef Geir Petter Hatlenes i Selje seier at det gjekk greitt å sløkkje denne brannen.

– Det var på eit konsentrert område. Men det kunne fort ha spreidd seg, så tørt som det er no.

Brannsjef Kim Hjelle i Vågsøy seier at dei ikkje ha hatt nokon brann i hans område til no i år, men han ber folk vere varsame.

Brannsjef Kim Hjelle

– VELDIG TØRT: Brannsjef Kim Hjelle i Vågsøy.

Foto: Bjarne Eldevik / NRK

– Det er veldig tørt, og det er eit generelt forbod mot å gjere opp open eld frå 15. april til 15. september.

Og om nokon skulle ha lyst til å ha med seg ein utegrill ut i naturen no når det er så fint vêr?

– Då må dei i så fall vere heilt sikre på at dei set grillen på eit underlag som ikkje kan ta fyr.

110-sentralen opplyser om at folk som skal brenne må søke sin aktuelle kommune om løyve. Sentralen gir ikkje løyve til brenning, men vil gjerne ha beskjed.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.