– Vi har sendt ut eit flaumvarsel. I tillegg er det sendt ut eit varsel med gult nivå på jordskred og flaumskred, seier Brigt Samdal som er regionsjef i NVE.
Frå onsdag til torsdag morgon kjem det mykje nedbør.
– Med eit gult nivå kan det bli nokre skader når det er meldt mellom 70 til 100 millimeter nedbør på eit døgn. På same tid får vi ein sterkt stigande temperatur, så vi får nedbøren som regn og snøsmelting høgt til fjells, seier Samdal.
Samdal er klar på kva folk flest bør gjere no når nedbøren kjem.
– Rister og kulvertar må vere opne, sånn at vatnet får gå som det skal.
Onsdag kan det nemleg komme så mykje regn at vêrvarslinga på Vestlandet har sendt ut OBS-varsel.
– Vi har sendt ut eit OBS-varsel for lokalt mykje nedbør. I varselet har vi sagt ein verdi på mellom 70 til 100 millimeter med nedbør, seier meteorolog Tone Kristin Taule.
Det blir truleg ikkje snakk om noko styrtregn.
– Nedbøren vil komme spreidd relativt jamt frå natt til onsdag og til tidleg på torsdag.
I takt med at skyene skal tømme seg for vatn utover dagen, vil gradestokken stige lenger opp på plussida.