NRK Meny
Normal

Øberg vil vurdere urologitilbod

Styreleiar i Helse Førde, Clara Øberg, vil i løpet av kort tid vurdere om urologitilbudet skal tilbake til Nordfjord sjukehus.

Clara Øberg
Foto: NRK

Øberg vil no be styret vurdere om urologitilbodet som tidlegare blei kutta, skal tilbake til Nordfjord sjukehus. Det seier ho etter at Helse Vest og Helse Førde siste året har betalt på 1,6 millionar kroner for pasientar som reiser til Volda framfor Førde.

Vil sjå på kostnadane 

Clara Øberg skjønar at folk reagerer når pasientar reiser utanfor Helse Førde for å få behandling. Spesielt då årsaka var eit sparetiltak, som no medfører ei ekstrarekning på 1,6 millionar kroner for tenester dei kanskje kunne utført sjølve.

- Eg vil vite kva differansen er mellom rekninga på 1,6 millionar kroner og kva det vil koste å gjere jobben sjølv.

- Når det er store utgifter som vi har her, må styret til ei kvar tid vurdere kor mykje ein nyttar på å kjøpe tenester utanfor Helse Førde. Vi kan reversere om vi ser det er meir lønsamt.

Styreleiar Øberg seier at denne saka, saman med andre kostnadsposter, skal raskt opp i styret.  

 

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.