NRK Meny
Normal

Øberg vil kutte snarast råd

Styreleiar Clara Øberg rår styret i Helse Førde om å gå for full omstilling av sjukehusa alt i 2012. Ho vil setje hardt mot hardt dersom ikkje eigarane kjem med meir pengar.

Clara Øberg og Harry Mowatt.

Clara Øberg i samtale med Harry Mowatt før dagens styremøte på Sunnfjord hotell.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Øberg detonerte bomba etter at administrerande direktør Jon Bolstad hadde gitt si orientering om administrasjonen sitt forslag til ny strategiplan i Helse Førde under det pågåande styremøtet på Sunnfjord hotel.

Vil omstille raskare enn administrasjonen

I motsetnad til Bolstad som siktar mot 2020 før omstillinga er fullført, og vil drive føden i Nordfjord og ortopedien i Lærdal vidare i ein overgangsfase, vil Øberg ta all omstilling med ein gong.

Styreleiaren fremja dette som eit endringsforslag til administrasjonen sitt framlegg.

Viss ikkje, meir pengar

Øberg viste til at ein mangeårig omstillingsprosess vil kunne gå ut over kvaliteten på helsetilbodet, og ikkje minst skape uvisse for dei tilsette.

- Viss eigarane derimot krev at vi skal gå for modell 2 og drive vidare, må styret be om at dette vert fullt ut kompensert av eigar, sa Øberg.

Semje i styret - så langt

Øberg har i debatten som pågår fått støtte både frå styrenestleiar Jorunn Ringstad. Helse Vest sin representant Helge Bryne meiner også at det no må takast grep.

Også Anni Felde og Harry Mowatt konkluderer i sine innlegg at det i realiteten berre er ei løysing: Den såkalla modell 1 - som betyr full omstilling.

– Dette er også den fagleg beste løysinga, sa Mowatt.

Han er lite lysten på å ta sjansen på ei berre delvis omstilling, og trur det vil gi langt meir enn dei 48 millionar kronene i tap, som administrasjonen har signalisert.

Harry Mowatt langa i sitt innlegg ut mor rikspolitikarane.

– Eg forstår at folk i Indre Sogn og Ytre Nordfjord er frustrerte, men at rikspolitkarar som sjølv har vedteke rammene skyt på Helse Førde gjer meg forbanna. Ein skyt ikkje berre på pianisten, ein skyt på feil pianist!

Føden ortopedi på kuttlista

Framfor eit talrikt publikum handsamar styret i Helse Førde no strategiplanen for helseføretaket fram mot 2020. Ein plan som frå administrasjonen si side legg opp til at den forsterka fødestova i Lærdal og ortopeditilbodet på Nordfjordeid blir lagt ned snarast råd. På sikt ønskjer ein også å avvikle fødetilbodet i Nordfjord (som i første omgang vil bli omgjort frå fødeavdeling til fødestove) og ortopedien i Lærdal. I staden ønskjer ein å satse på meir poliklinisk dagbehandling.

Hestekur ved FSS

Kuttforslaga inneber også ein kraftig hestekur ved Førde sentralsjukehus. Sjukehuset har lenge vore under omstilling, og i si orientering til styret om tilstanden i Helse Førde, orienterte Bolstad om at sengepostane ved avdelingane gynekologisk, barsel og føde frå i dag av er slått saman til ei eining. I tillegg ligg det føre kutt i talet på tilsette og sengeplassar ved Medisinsk avdeling.

– Vi har ikkje fått lovnader om pengar

– Det har kome mange innspel. Men mange har vore prega av ønskjeliste. Eg hadde håpa på at fleire hadde teke innover seg den økonomiske stoda vi er i. Men det har vore ein god høyringsprosess, sa styreleiar Clara Øberg då ho innleia like etter klokka 09.30 fredag føremiddag..

– Det er slik at vi må forholde oss til dei realitetane vi har. Vi har ikkje fått løyve om meir pengar. Administrasjonen er ikkje imot eller for det eine eller andre, men er for styret innan for dei rammene ein har fått frå Stinget og regjeringa, presiserte Øberg.

Bolstad: – Klarer ikkje målet

Administrerande direktør Jon Bolstad sa i si orientering at Førde sentralsjukehus må ta eit stort ansvar for at dei desentralisert funksjonane fungerer. Her har vi ein del å gå på, vedgår Bolstad.

Bolstad ønskjer seg på sikt følgjande ved sjukehusa i Lærdal:

Dagbehandling og poliklinikktilbod med ambulerande personell frå Førde sentralsjukehus.

– Men vi klarer ikkje å nå dette målet i morgon, sjølv om vi måtte ønskje det. Målbiletet kan itkkje gjennomførast, sa Bolstad og viste til at det kjem nye lover og ny nasjonal helse- og omsorgplan med finansiering og krav til avtalar mellom kommunane og helseføretaka (samhandlingsreforma).

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå