Hopp til innhold

Øberg nektar å trekke seg

Styreleiar Clara Øberg i Helse Førde kjem ikkje til å trekke seg frivillig.

Clara Øberg
Foto: Torbjørn Fardal / NRK

Det er Flora-ordførar Bente Frøyen Steindal som krev styreleiaren sin avgang etter vedtaket om å legge ned sengeplassar ved nærsjukehuset i kystbyen.

- Be om unnskyldning

Bente Frøyen Steindal
Foto: NRK

Ho meiner dei tilsette har blitt dårleg behandla ved at Øberg fyrst fortalte om planane i media.

- For den måten ho handterer denne saka på. Det er så gale at ho ikkje bør sitte som styreleiar for eit så stort føretak. Det er vanleg skikk og bruk at ein snakkar med sine tilsette før ein går til media. Ho bør reise til Florø og unnskylde seg for det ho har gjort, seier Frøyen Steindal. Men Øberg ingen planar om å verken trekke seg eller reise til Florø for å be om unnskyldning.