Hopp til innhold

«Som å sende ein unge på ein butikk med ein diger handlelapp, og gi han ein hundrekronar»

– Viss Erling Sande meiner om at vi skal drive med noko meir, så må han berre ta initiativ til at vi skal få meir pengar.

Erling Sande og Clara Øberg (montasje)

SPISSAR SEG TIL: Ordskiftet går varmt mellom Erling Sande (Sp) og styreleiar Clara Øberg (innfelt) før fredagens avgjerande styremøte i Helse Førde.

Foto: NRK

Det seier ein opprørt styreleiar Clara Øberg i Helse Førde.

Ho reagerer sterkt på at stortingsrepresentant Erling Sande (Sp) måndag i harde ordelag kritiserte Helse Førde-leiinga sitt framlegg til ny strategiplan. Ein plan som inneber nedlegging av fødetilbodet i Lærdal og ortopedien ved Nordfjord sjukehus.

– Han må berre ta initiativ til at vi skal få meir pengar

Førde sentralsjukehus

MÅ SPARE: Førde sentralsjukehus.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Dette er eit reint populistisk utspel frå Erling Sande. Han sit i Stortinget og det er dei som har gitt oss ei ramme å styre etter. Og det er den ramma administrasjonen legg fram drifta etter. Viss Erling Sande meiner om at vi skal drive med noko meir, så må han må berre ta initiativ til at vi skal få meir pengar, seier Øberg til NRK Sogn og Fjordane.

Sande uttalte i ettermiddagssendinga månadg at han var svært skuffa over forslaget frå Helse Førde. Han meiner helseføretaket trassar føringane frå helse- og omsorgsministeren, og ber ho stoppe omstillinga som styret fredag skal ta endeleg stilling til.

Styreleiar Øberg meiner det er heilt flott at Sande har klare meininga, men:

– Då må Sande gi melding til Stortinget. Det er der han sit og det er der han har arbeidsplassen sin. Det hjelper ikkje at han gir beskjed til Helse Førde. Vi prøver å styre etter den ramma vi har. Og hans fora er stortingsbenken. Han må berre ta det inn i Stortinget. Det er det som er jobben hans. Det er det han er innvalt for å gjere, seier Øberg.

Slaktar innsatsen

– Kva synest du om innsatsen hans?

– Reint populistisk. Han har ikkje teke eit einaste initiativ inn mot Stortinget for at vi skal få meir pengar, etter det eg er kjend med. Dette er i beste Erling Sande-stil, der han høgg laus på nokon som han veit ikkje har høve til å styre anna enn innanfor dei rammene som han har gitt. Så han må berre snu hovudet sitt mot Stortinget og ordne det slik at vi kan få drive med alt det som Erling Sande ønskjer at vi skal drive med, seier styreleiaren.

Lærdal sjukehus

MÅ SPARE: Lærdal sjukehus.

Foto: unknown / NRK

– Men er framlegget frå administrasjonen i strid med føringane frå helseministeren?

– Det får helseministeren sei noko om når ho eventuelt har behandla det vedtaket vi gjer. Så får ho seie om ho vil ha det annleis eller ikkje. Men då må det følgje pengar med, for vi har ikkje pengar, fastlsår Øberg.

«Som å sende ein unge på butikken»

Helse Førde-styreleiaren karakteriserer senterpartirepresentanten frå fylket si haldning til Helse Førde sine utfordringar slik:

– Det Erling Sande prøver på no, er som å sende ein unge på ein butikk med ein diger handlelapp, og gi han ein hundrekronar og seie at «eg skal ha alt uansett. Og viss du kjem heimatt med mindre varer enn det som står på handlelappen, då får du juling.» Det er det han prøver på no. Og det bør Erling Sande i sin posisjon så seg for god til.

Manglar 48 millionar

Nordfjord Sjukehus

MÅ SPARE: Nordfjord sjukehus.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Helse Førde-leiinga ser seg ikkje råd til å ta steget heilt ut og leggje ned ortopeditilbodet i Lærdal og fødetilbodet i Nordfjord, slik administrerande direktør Jon Bolstad helst vil gjere for å kunne klare innsparingskravet på 150 millionar kroner. Men heller ikkje den noko mildare omstillinga ein no legg opp til, med nedlegging av føden i Lærdal og ortopedien i Nordfjord har ein pengar til. Helse Førde manglar uansett 48 millionar kroner og leiinga rår styret å be eigarane (Helse Vest og Staten) om meir pengar.

– Kva viss de ikkje får meir pengar?

– No får vi dei heilt sikkert når Erling Sande har sagt at det er slik vi skal drive det, så reknar eg med at han som sit i Stortinget tek initiativ til at vi får dei der.

Jon Bolstad og Anne-Grehte Strøm-Erichsen

BER OM PENGAR: Adm. dir. Jon Bolstad, her fotografert saman med helseministeren, ber Helse Førde-styret om å be eigarne om meir pengar.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Og viss ikkje må ein leggje ned også leggje ned føden på på Nordfjordeid og ortopedien i Lærdal snarast råd?

– Vi må gjere tiltak som gjer at vi kan drive vår aktivitet som er innanfor den ramma vi har fått. Det er det som er bestillinga frå Stortinget og regjeringa, og det skal vi gjere.

– Viss de blir tvinga til høgt aktivitetsnivå og ikkje får pengar, vil du då vurdere å trekkje deg?

– Det skal vi ta når den tid kjem, svarar Clara Øberg.

Sande avviser kritikken

– Eg veit ikkje om det er eg som er ungen i butikken. Clara Øberg har gjentekne gonger i media brukt karakteristikkar og kallenamn på politiske motstandarar. Det får stå for hennar rekning. Eg ønskjer at vi har debatten på eit anna nivå, sier stortingsrepresentant Erling Sande (Sp).

Han meiner Øberg kjem med usanne påstandar.

– Ho skuldar meg for å ikkje løfte ein finger i høve til helsepolitikken. Ho burde visst at Senterpariet har engasjert seg sterkt i sjukehussaka. Seinast i vår sende vi brev til helseministeren der vi bad om at vi måtte få sjanse til å drøfte desse tinga i Stortinget før strukturendringane skjer, slik at vi kan gjere det Øberg og andre ber om, å klargjere kva tilbod vi skal ha. Samstundes har vi dobla løyvingane til helsesektoren dei siste åtte-ti åra.

– Men når de pålegg Helse Førde å oppretthalde fødeavdelingar, akuttberedskap og andre tilbod utan å løyve meir pengar, då må ho vel kunne bli oppbrørt?

– Det er slik at det er Stortinget som løyver pengane til helse, men politikarane har også noko med kva tilbod ein skal ha til innbyggjarane. Eg meiner eg og andre som er valt for folk i fylket må ta opp tema om korleis helsetilbodet skal sjå ut, seier Sande.

Han viser elles til at regjeringa har sagt at ein skal ha nærleik til fødetilbod og sjukehusa ein har.

Video HELSEKUTT-førde

MOT NY KUTT: Sjå tv-reportasje om framlegget frå Helse Førde-leiinga.