Hopp til innhold

Obduksjonsrapporten gir ikkje klare svar

Politiet har i dag motteke den førebelse obduksjonsrapporten etter 58-åringen som i helga vart funnen død i Svelgen.

Flytande hotell i Svelgen

DØDSFALL: Natt til søndag var det fest på flotellet der den 58 år gamle litauaren vart funnen død. Politiet har arbeidd med å kartleggje mannen sine rørsle i detalj for å få svar på kva som har skjedd.

Foto: SELINE LARSEN

– Eg har førebels ikkje fått lest den, men ser at dødsårsaka ikkje er heilt klar, og at vi må vente på resultata frå dei kjemiske og mikroskopiske analysane, seier tenestestadsleiar for politiet i Bremanger, Espen Gulliksen.

Det var søndag at ein 58 år gamal mann frå Litauen vart funnen død på eit av romma på det flytande hotellet i Svelgen. Omstenda gjorde at politiet har etterforska dødsfallet som mistenkjeleg.

Politiet i Bremanger har mellom anna fått bistand frå kriminalteknikarar frå Bergen . Inkludert rundspørjingar er kring 40 personar avhøyrde.

Espen Gulliksen, politiet i Bremanger

VENTAR SVAR: Espen Gulliksen er tenestestadsleiar for politiet i Bremanger.

Foto: Raymond Lidal / NRK

I neste veke håpar Gulliksen å ha fleire svar.

– Vi har stort sett gjort alle vesentlege vitneavhøyr og tekniske undersøkingar. Så langt har vi ingen konkret mistanke om at det har skjedd noko straffbart, men sidan vi framleis ventar svar på analysar så kan vi ikkje sjå heilt vekk frå noko, seier han.

Det blir no arbeidd med å klargjere den avlidne for heimsending. Ifølgje Firdaposten betyr det kontakt mot pårørande og den litauiske ambassaden for å organisere transport tilbake til Litauen.

Politiet held korta tett til brystet om kva dei har funne ut gjennom etterforskinga.

– No samlar vi lause trådar, det er praktiske gjeremål i samband med uttransportering av avlidne og kontakt med pårørande, seier Gulliksen.

– Vi har også nokre tilleggsspørsmål i samband med vitneavhøyr og så vidare, medan vi ventar svar på alle innsende prøvar og tekniske undersøkingar, avsluttar han.