Hopp til innhold

Nyutdanna ingeniørar får hard konkurranse om jobbane

Dei vart oppmoda om å bli elkraftingeniørar. No er dei ferdig utdanna, men jobbmarknaden har endra seg sidan dei starta utdanninga.

Høgskulen i Sogn og Fjordane - avd. Førde

UTFORDRANDE TIDER: Sidan ingeniørstudiet starta har marknaden endra seg. Dermed er det fleire nyutdanna stundentar som opplever at det er vanskeleg å få jobb som ingeniør.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

I år går dei aller første elkraftingeniørane ut av Høgskulen i Sogn og Fjordane med ei bacheleorutdanning i handa.

Utdanninga var ei storsatsing mellom fleire, næringslivet i Sogn og Fjordane, Sparebanken Sogn og Fjordane. Årsaka var at fylket vil trenge minst 120 elkraftingeniørar dei neste ti åra.

Ferdige elkraftingeniørar

FERDIG UTDANNA: - Vi må berre rekne med at det er utfordrande å få seg arbeid like ette rutdanninga, seier studentane på høgskulen i Førde. Frå v. Andre Gjesdal Håkonshellen, Tormod Sanden, Karl Martin Opseth Norbom, Marius Folkestad og Ingunn Vassbotten.

Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK

Men av dei som går ut av utdanninga no er det ikkje alle som har jobb. Karl Martin Opseth Norbom har fått seg jobb på Caverion i Førde frå august, men han seier at det no er hard konkurranse om jobbane.

– Det er mange søkjarar på dei jobbane som er, og vi er heilt nye og hamnar vel litt bak i rekkja.

– Hadde du trudd det då du tok til på utdanninga?

– Det vil alltid svinge i marknaden, ein har aldri nokon garanti for å få jobb uansett.

Mange konkurrentar

Marius Folkestad tek det og med fatning at det ikkje kryr av ledige jobbar.

– Dette må vi berre finne oss i. Oljebransjen er nedbemanna, og det gjer at det er ein del konkurrentar som vi må stille mot når vi søkjer jobb. Vi må berre vere flinkare til å selje oss sjølve og vere målretta mot dei jobbane vi verkeleg vil ha.

Han har fått eit jobbtilbod, men det har han førebels ikkje lov til å seie noko om.

Asgeir Aase

IKKJE SVART: - Vi treng ingeniørar i framtida, men det er klart at det svingar i denne marknaden som i andre marknader, seier konstituert konsernsjef i SFE, Asgeir Aase.

Foto: Johan Moen / NRK

– Ikkje heilsvart

Asgeir Aase er nettdirektør i SFE, som var mellom aktørane som ivra for å få til ei elkraftutdanning ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Han ser lyst på framtida til dei som no er nyutdanna.

– Vi er eit fylke som skal byggje mykje, men det svingar, og det er endra tider. Då vi gjekk hardt inn for studiet i 2011 peikte pilene oppover. Så skjer det ting i oljesektoren, og kraftprisen vart halvert. Det endra biletet, men vi er mange rundt 60 år som skal skiftast ut. Og vi i SFE skal tilsette to-tre stykke i sommar. Så det er ikkje heilsvart.

Eli Nummedal

STOLT: Instituttleiar Eli Nummedal.

Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK

– Stolte over studentane

Torsdag hadde ingeniørstudentane i automasjon og elkraft på Høgskulen ein presentasjon av avslutningsoppgåvene sine. Instituttleiar Eli Nummedal er imponert over det dei har fått til.

– Vi er stolte både tilsette og studentar, ikkje minst måten dei har formidla det på. Og desse studentane er fantastisk viktige for regionen og utviklinga av regionen. Dei som studerer her blir ofte verande, og vi trekkjer til oss nye folk. Det er veldig gledeleg å ha både automasjon og elkraft her.

Til hausten kjem det nye studentar, som mellom anna får nyte godt av elkraftlaboratoriet på høgskulen.

– Vi har landets finaste laboratorium knytt til elkraft, og det er viktig når vi skal tiltrekkje oss nye studentar.

Elkraftingeniørar ferdig utdanna

FERDIG UTDANNA: Frå v. Christian Marås, Sander Falkenstein, Roy Arne Hetle, Eivind Nordal og Jens Førsund.

Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK