Hopp til innhold

Nyttårsfesten er like stor som grunnlovsfeiringa

I år som i fjor møttest florøværingane i sentrum ved midnatt iført kostyme og berande på svære doningar. Folkefesten Kjippen ser ikkje ut til å forsvinne med det første.

Glimt frå Kjippen og nyttårsfeiring i Florø 2014/2015

KJIPPEN HELD FRAM: Nyttårstoget «Kjippen» i Florø har heldt ut i over hundre år. Stadig fleire dreg på seg kostyme og kjem ut i gatene når det nye året skal feirast. Foto/redigering: Truls Kleiven

– Dette er ein del av Florø. Alle er ute i gata, omtrent som på 17. mai. Kjippen er kanskje like høgt verdsett som grunnlovsdagen her i Florø, seier Halvor Halvorsen.

Har vore med i over 40 år

Av sine 50 år har han vore med på «Kjippen» i 40–45 år, men i dei seinare åra som tilskodar. Kvart einaste år går eit svært opptog gjennom gatene, mange utkledd i alle slags kostyme. Nokre ber også på svære doningar med spydige og humoristiske stikk til florøværingar som har stukke seg ut det siste året.

– Her er det slik at det nesten er verre å ikkje bli nemnt enn å bli nemnt, fortel patriot Halvorsen.

Etter å ha gått tog gjennom Strandgata i sentrum vert doningane brent på bålet.

Ein del av folkesjela

Arrangementet har ifølgje Halvorsen halde på sidan 1800-talet, og tidlegare også fleire stader langs kysten. No er Florø åleine om den unike nyttårsfeiringa.

– Det er eit utruleg spesielt arrangement. Dei lærde stridast om kva opphavet er, og det er ingen arrangementskomité. År etter år så veit folk at dei skal møte opp ved midnatt, og det gjer dei, seier Halvorsen.

(Artikkelen held fram under biletgalleriet)

Kor mange som deltok på årets opptog veit han ikkje, men han samanliknar det med eit folkeliv på storleik med grunnlovsfeiringa, og det seier jo sitt.

– Alle er ute i gatene. Eg kan ikkje tenkje meg eit alternativ til Kjippen, seier han.

Stadig fleire kler seg ut

Han er stolt over å sjå at Kjippen overlever, sjølv om det endrar seg med generasjonane. Gjennom si tid som både deltakar og tilskodar fortel han at det har blitt stadig fleire som kler seg ut. Doningane har det blitt litt færre av, men dei 3–4 som er med er store.

– Det har jo vore ei utfordring at dei var så store at det var eit slit å få dei gjennom sentrum med tanke på julelysa som heng i Strandgata. No har det blitt slik at ein først sørgjer for å finne ut kor høgt dei heng før ein lagar doningane, fortel Halvorsen.

For han er det ikkje snakk om å feire nyttår andre stader enn nettopp i Florø.

– Det er alltid best i Florø på nyttårsaftan. Og alle møter nok opp ved midnatt neste nyttårsfeiring også, seier han.