Hopp til innhold

Nyttar ikkje Barnehuset til avhøyr - lang reiseavstand er årsaka

Under halvparten av barna som er involvert i politisaker vert avhøyrde på Barnehuset i Bergen.

Statens Barnehus i Bergen

Her ved Statens Barnehus i Bergen blir dei små avhøyrde i barnevennlege omgjevnader.

Foto: Renold Tennysen Christopher / NRK

Maria Kirkeide Ravnå heldt appell på støttemarkering for asylbarn

ENGASJERT: Advokat Maria Kirkeide Ravnå meiner fleire born må bli avhøyrde på Barnehuset.

Foto: Christian Blom

Barna vert i staden avhøyrde i tinghuset eller hos politiet, trass i ein avtale om bruk av Barnehuset, som er tilrettelagt for dette. Advokat Maria Kirkeide Ravnå som jobbar med barn i slike saker, skulle helst sett at Barnehuset vart meir brukt.

– Eg tykkjer det er betenkeleg. Det å gi forklaring i barnehus gir betre resultat og ikkje minst oppleving for desse borna, seier ho.

Vanskeleg for borna

I 2011 måtte 22 barn her i fylket bli avhøyrde fordi dei hadde vore utsett for, eller vore vitne til vald eller seksuelle overgrep. Berre ni av dei vart avhøyrde på Barnehuset i Bergen, dei andre på ein politistasjon eller i domslokale.

Ravnå meiner at kvar barna vert avhøyrde, kan påverke forklaringa deira.

– Eg er redd for at det i nokre tilfelle, kan virke inn på kva dei torer å seie. Vi veit at det er vanskeleg for borna å forklare om det som er vanskeleg i næraste familie.

Lettare på Barnehuset

Ravnå arbeider mykje med barn involvert i valds og overgrepssaker. Nyleg hadde advokaten ei sak der to born vart avhøyrde, førstepå Barnehuset og så i tingretten.

– Dei sa at opplevinga på Barnehuset var god og tykte det gjekk greitt. Då dei møtte i tingretten for å gi forklaring der, så tykte dei det var heilt annleis. Det var mykje meir skremmande og belastande.

Lang reiseavstand

Terje Mowatt, sorenskrivar i Fjordane tingrett.

STØTTAR ØNSKE OM EIGE BARNEHUS: Terje Mowatt ved Fjordane tingrett seier det er ønskeleg med eit eige Barnehus i Sogn og Fjordane.

Foto: NRK

I tillegg til avhøyr i barnevenlege omgjevnader, har Statens Barnehus i Bergen ei rekkje andre tilbod til barna og pårørande.

Fleire NRK har snakka med påpeikar at sjølve avhøyra vert like profesjonelt gjennomført også utanfor Barnehuset, men høve til å nytte dei andre tilboda fell automatisk vekk.

Både politi og domstolen, som tek den endeleg avgjerda om kvar avhøyret av barnet skal gå føre seg, seier lang reiseveg er hovudårsaka til at over halvparten av barna vert avhøyrde her i fylket.

– Det som også blir lagt ganske stor vekt på, er om barnet skal følgjast opp ytterlegare enn utover sjølve dommaravhøyret. Skal det skje, er det mest naturleg at barnet blir avhøyrd i Bergen der det finst eit apparat til å følge opp barnet, seier Terje Mowatt ved Fjordane tingrett.

– Ikkje pengane som styrer

Ronny Iden

– LOJALE: Politiinspektør Ronny Iden seier dei er lojale mot avtalen med Barnehuset.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Politiinspektør Ronny Iden meiner politiet er lojale mot avtalen med Barnehuset.

– Det som er viktig å slå fast, er at det aldri er økonomiske omsyn som gjer at vi ikkje nyttar oss av Barnehuset. Men det er lettare å få til eit arbeid hurtig dersom vi organiserer det sjølv i Sogn og Fjordane. I tillegg er det lang reisetid til Bergen og dermed er det gunstigare at avhøyret blir teke her, seier han.

Håper på eige Barnehus

Siste veke påpeikte politiet sjølve fordelane ved å få eit eige Barnehus i Sogn og Fjordane. Advokat Maria Ravnå meiner det hadde hjelpt barn, som alt er i ein vanskeleg situasjon.

– Eg tenkjer at dette vil vere ein klar fordel om vi får eit barnehus i Sogn og Fjordane, seier ho.

Både Iden i politiet og sorenskrivar Mowatt støttar ønsket om eit eige Barnehus.

– Hadde det vore eit slikt tilbod her i fylket hadde argumentet om lang reisetid falle vekk, seier Mowatt.