Tysdag viste vitnet politiet kvar han hadde sett dei to, skriv Dagbladet. Ei rundspørjing i området blir no føreteken for å få stadfesta opplysningane.
Den siste sikre observasjonen politiet har gått ut med er av dei to ved rundkøyringa nokre hundre meter lenger vekk frå skulen.
Svært sentralt vitne
Dersom desse opplysningane stemmer, har politiet kome i kontakt med eit svært sentralt vitne. Dette vitnet seier til Dagbladet at han også var på konserten på Meieriet onsdag i førre veke. Det var etter denne konserten at Hedda Karterudseter gjekk frå Meieriet saman med den 35 år gamle mannen frå Somalia, som er etterlyst som vitne i saka.
Det nye vitnet skal ha gått bak dei to mot Folkehøgskulen, og han skal også ha snakka med dei. Han såg dei sist om lag 100 meter frå avkøyrsla til folkehøgskulen. Då gjekk dei to vidare.
Betre oversikt
Dette er svært interessant for politiet fordi den førre sikre observasjonen av Hedda Karterudseter og 35-åringen var ved rundkøyringa 200 meter frå utestaden Meieriet. Stemmer dei nye opplysningane er politiet kome mykje lenger i arbeidet med å få oversikt over røyrslene Karterudseter etter ho forlet Meieriet og til ho var på Folkehøgskulen.
Politiet er i gong med å gå frå dør til dør i Sogndal nettopp for å få full kontroll over kva som har skjedd på strekninga frå Meieriet og til Folkehøgskulen natt til torsdag i førre veke.