NRK Meny
Normal

Nytt traineeprogram for sjukepleiar

Helse Førde og kommunane Flora og Førde har starta eit nytt traineeprogram for sjukepleiarar.

Radiumhospitalet sykepleier

NYTT PROSJEKT: Står klare til utvikle åtte unge og nyutdanna sjukepleiarar.

Foto: Meek, Tore / NTB scanpix

– Her kan vi faktisk bli gode. Det seier prosjektleiar Magni Håvardstun.

Det er eit unikt samarbeid mellom dei to kommunane og Helse Førde som no startar opp. Høgskulen i Sogn og Fjordane og Utviklingssenter for sjukeheimar og heimetenester er også med i samarbeidet.

– Det vil vere til hjelp når ein skal rekruttere, og dette er noko vi kan få til i sogn og Fjordane fordi vi kjenner organisasjonane til kvarandre. Dermed kan ein gi dei nyutdanna denne innsikta heilt frå starten av.

Kommunane står no klare til å utvikle åtte unge og nyutdanna sjukepleiarar, fortel Håvardstun.

– Dette er ein heilt nye måte å starte sjukepleiarkarriere si på.

Ho seier samarbeidet mellom kommunar og helseføretaket er eineståande også i landssamanheng.

–Dei ferske sjukepleiarane får med seg eit heilt spesielt opplegg rundt det å vere i praksis i ulike avdelingar i kommunane og i Helse Førde, seier ho.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå