Hopp til innhold

Vil gje bøndene 200 millionar meir for å unngå brot

Staten har auka sitt tilbod til bøndene med 200 millionar kroner, og vonar på ei løysing på jordbruksoppgjeret fredag.

Staten øker tilbudet til bøndene fra 90 millioner kroner til 295 millioner.

KRAFTIG AUKE: Staten sin forhandlingsleiar Leif Forsell har i kveld gjeve bøndene beskjed om eit nytt tilbod i jordbruksoppgjeret som er langt høgare enn utgangspunktet.

– Organisasjonane har fått eit revidert forslag og vil kome tilbake til oss i morgon føremiddag, seier staten sin forhandlingsleiar, Leif Forsell til NRK.

Staten sitt reviderte tilbod til bøndene er på 295 millionar kroner, altså 200 millionar kroner meir enn det dei opphavleg tilbydde bøndene.

Han legg vekt på at det er mange vanskelege spørsmål som må løysast i forhandlingane med bondeorganisasjonane, men at det er spørsmålet om den økonomiske ramma som er det vanskelegaste.

Stort sprik mellom partane

NRK kjenner til at forhandlingane er svært tøffe, ikkje minst fordi partane har stått svært langt frå kvarandre i dei økonomiske krava og tilboda. Bøndene ville ha ei ramme på 950 millionar kroner, staten svarte med eit tilbod på 90 millionar kroner.

Norges bondelag har saman med Norges bonde- og småbrukarlag, forhandla med staten i nær ei veke i strekk. Bondelaget sin forhandlingsleiar, Lars Petter Bartnes, seier til NRK at dei no skal vurdere det nye forslaget frå staten.

– Vi tek med oss det reviderte forslaget og skal gå grundig gjennom det og gje ei tilbakemelding i morgon, seier Bartnes.

Norges bondelag og Norges bonde- og småbrukarlag sier det nye forslaget fra staten er et steg i riktig retning, men at de nå skal gå nøye gjennom tilbudet før de svarer på tilbudet.

SKAL VURDERE: Lars Petter Bartnes i Norges bondelag og Merete Furuberg i Norsk Bonde- og Småbrukarlag, fekk i kveld på bordet eit nytt tilbod frå staten i jordbruksoppgjeret.

Lange forhandlingar

Tidlegare i dag sa staten sin forhandlingsleiar, Leif Forsell, til avisa Nationen at det kunne gå mot ei løysing fredag.

Men Leif Forsell meiner at det er mogleg å finne ei løysing, utan at jordbruksoppgjeret nok ein gong går til brot og aksjonar frå bøndene.

– Vi har jo hatt forhandlingar med jordbruket sidan forrige laurdag. Det har vore intensive forhandlingar, og vi kom til eit punkt i kveld der vi fann at staten vill leggje fram eit revidert tilbod, seier Forsell til NRK.

Klar for aksjonar om naudsynt

Ein av dei som har tala klart imot staten sitt første tilbod på 90 millionar er den nye leiaren i Sogn og Fjordane bondelag, Anders Felde. Han er tydeleg på at bøndene er veldig klare for aksjonar, om det syner seg at det blir brot i forhandlingane i morgon.

Anders Felde

KLAR FOR AKSJONAR: Leiar i Sogn og Fjordane bondelag, Anders Felde.

Foto: Bård Siem / NRK

– Eg kan ikkje seie noko frå eller til om det tilbodet som staten har kome med i kveld. Vi skal ha eit telefonmøte no, så får vi sjå kva som kan avklarast og ikkje, seier Felde.

Fylkesleiarane i bondelaget blir i kveld orientert om forhandlingane, og må vente til utpå føremiddag i morgon før dei veit meir om kva som skjer.

Det er eit tøft klima og tøffe forhandlinger, seier bondelagsleiar Egil Christopher Hoen i Buskerud.