Hopp til innhold

Nytt svindelforsøk: Ber om pengar til born i naud

FØRDE (NRK): Røde Kors er råka av svindel. Gjennom ein falsk faktura blir folk bedne om å betale for bandasjar og protesar til krigsskadde born.

Asbjørn Steen

BERRE TULL: Svindlarane gir seg ut for å vere Røde Kors, og samlar inn pengar på vegner av Rødekorsbygget AS i Førde. Asbjørn Steen, som er styreleiar for Rødekorsbygget, seier dei aldri har sendt ut noko faktura.

Foto: SOLVEIG SVARSTAD / NRK

– Alt ser jo rett ut, men fakturaen kjem ikkje frå oss, seier Asbjørn Steen, som er styreleiar i Rødekorsbygget i Førde.

Med det blotte auget ser det ut som ein heilt vanleg faktura med Rødekorsbygget som avsendar. Kvitt ark, logo med raudt kors og opplysningar om kva som skjer om betalinga blir for sein.

Fakturaen har dumpa ned i postkassene til både næringslivet og mannen i gata med oppmodingar om å betale pengar til born som treng det.

Men fakturaen er ikkje ekte.

FALSK: Dette er den falske fakturaen som har spreidd seg.

FALSK: Dette er den falske fakturaen som har spreidd seg.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

– Vi samlar ikkje inn pengar. Vi hadde aldri sendt ut noko sånt, seier Steen. Rødekorsbygget er eigd av Røde Kors, Førde kommune og Førde helselag.

Ser du nærare på fakturaen, så kan du sjå både små og store skrivefeil.

– Utlandssjefen i Røde Kors er sett opp som referanse, men dei har ikkje klart å skrive namnet hans rett, seier Steen, som har vore sentral i Sogn og Fjordane Røde Kors i fleire år.

Dukka opp i postkassa til Cubus

Svindelfakturaen har mellom anna nådd kleskjeda Cubus. Regionsjef Inger Lise Fossen stussa over logoen som var brukt.

– Eg hadde ikkje bestilt noko. Då eg såg nærare på logoen til Røde Kors i fakturaen, såg eg at han ikkje stemde, seier ho.

No har Fossen gitt beskjed til både økonomi- og svindelavdelinga til Cubus. Ho meiner svindlarane er utspekulerte.

– Vi er inne i ei tid der mange er ekstra gavmilde. Det er noko svindlarar brukar til sin fordel og mange kan difor bli utnytta, seier Fossen.

Regionsjefen ber alle om sjå nøye gjennom rekningane som dukkar opp i postkassa.

– Dette er forferdeleg trist. Røde Kors gjer ein god jobb. Eg oppfordrar alle til å sjekke fakturaane dei får, seier Fossen.

Cubus

UTSPEKULERT: Regionsjef Inger Lise Fossen ved Cubus meiner svindlarane er utspekulerte.

Foto: ODA ELISE SVELSTAD / NRK

Gjekk rett til politiet

Asbjørn Steen meiner fleire kan ha gått i fella med å betale den falske fakturaen som er i omløp.

– Adressa, organisasjonsnummeret og telefonnummeret på fakturaen er våre, men vi har ikkje laga eller sendt ut ein slik faktura, seier han.

No er saka meld til politiet.

– Dette er utnytting av folk som lir. Svindlarane har gått for langt. Eg har ikkje ord, seier Steen.

Røde Kors seier dei tek saka særs alvorleg og skal politimelde saka.

– Vi blei gjort kjende med dette i dag, og tar alle svindelforsøk som særs alvorleg. Heldigvis er det ikkje ofte vi opplever svindelforsøk, seier kommunikasjonsdirektør Øistein Mjærum.