Hopp til innhold

Dette er det nyaste våpenet i jakta på vogntog med farlige bremser

Ein bil full av teknikk og eit varmefølsomt kamera er det siste og beste våpenet Vegvesenet har fått seg i jakta på trafikkfarlege vogntog. Slik kan dei effektivt finne ut kva bilar som har bremsefeil og bør nektast å køyre vidare.

Vegvesenet sin bil med varmefølande kamera

DET ULTIMATE UTSTYRET: Med eit varmefølande kamera kan kontrollørane til Statens vegvesen lett finne ut kva bilar som bør gjennomgå ein grundigare sjekk. Inne frå bilen styrer ein kontrollør kameraet ved hjelp av ein liten joystick.

Foto: Anna Gytri / NRK

Varebilen i Vegvesenet sine fargar som står parkert på parkeringsplassen utanfor kontrollstasjonen på Håbakken i Lærdal ser heilt vanleg ut. Men den er det ikkje. Medan vogntog og semitrailerar rullar forbi på vegen ovanfor kan kontrollørane sjekke bremsene deira.

Utanfor bilen står nemleg eit splitter nytt kamera som på lang avstand kan sjå varmeutviklinga i bremsene. Når noko fangar kontrolløren si interesse må dei gjennom ein grundig kontroll.

– Vi er ute etter å ta dei som ikkje har ting i orden. Vi vil luke ut dei som har dårlege bremser, og når vi stoppar dei som ikkje har dette i orden så trur eg vi er med å berge liv, seier Tore Eikeland som er senioringeniør i Statens vegvesen region Vest til NRK.no.

– To millionar – men det er det verdt

Utstyret som Statens vegvesen no har teke i bruk rundt om kring i heile landet er topp moderne. Etaten har vore heilt over til USA, på grensa til Mexico, for å finne akkurat den rette kameratypen.

På same måte som varmesøkjande kamera blir nytta for å leite etter menneske i sjøen, kan kameraet som Vegvesenet har kjøpt inn oppdage varme i bremser på mange meters avstand.

Det topp moderne utstyret er no på plass i fem bilar, ein i kvar region. Kamerautstyret har ein prisplass på ein million, og sjølve bilen kostar nesten det same. Men to millionar er dette utstyret verdt, meiner Vegvesenet.

– Utstyret er effektivt, og gjer at vi kan vere selektive, seier Eikeland og får støtte.

– På denne måten kan vi gjere vegen tryggare, utan å hefte sjåførane nemneverdig, seier inspektør i Statens vegvesen, Jan Ove Bjørgum til NRK.no.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Fem bilar utstyrte med varmefølande kamera er det siste og beste våpenet Vegvesenet har fått seg i jakta på vogntog med dårlege bremser. Slik kan dei effektivt sile ut dei vogntoga som må gjennom ein grundigare sjekk.

SLIK GJER DEI DET: Vegvesenet har investert millionar av kroner i bilane som skal avsløre kva bilar som har problem med bremsene. (FOTO: Johan Moen).

Gjer det lettare å luke ut «verstingane»

Det ultimate våpenet i jakta på farlege bremser består av to kamera som er samstyrte. Det eine fungerer som eit vanleg kamera, medan det andre er varmefølande. Desse blir plasserte utanfor bilen, slik at dei har oversikt over det området der bilane køyrer.

Dei to kamera sender signal til to skjermar som står plasserte inne i bilen. Her kan ein kontrollør sitje godt og varmt og følgje med på alle bilane som køyrer forbi.

Inspektør Jan Ove Bjørgum og kollega Bjarte Frækaland set stor pris på det nye hjelpemiddelet.

– No kan vi plukke ut dei køyretya som med stor sannsyn har noko feil. Sjølve bremsekontrollen tek like lang tid, men no kan vi luke ut kva køyrety vi faktisk skal sjå nærare på, seier Frækaland.

(Artikkelen held fram under biletet)

Tore Eikeland framfor Vegvesenet sin bil med varmefølande kamera

STOLT: Tore Eikeland viser stolt fram utstyret som skal gjere det enklare for Vegvesenet å luke ut tunge køyrety med farlege bremser.

Foto: Anna Gytri / NRK

Slik ser han at noko er gale

Vegvesenet sin kontrollstasjon på Håbakken ligg midt mellom Oslo og Bergen. I rundkøyringa like ved reknar ein med at det kvar dag rundar over 650 tyngre køyrety. Det er heilt umogleg å kontrollere alle, og difor jobbar Vegvesenet heile tida for å bli betre. Målet er at det skal vere så trygt som mogleg på vegane.

Når dette nye utstyret er i bruk må ein av kontrollørane styre kamera frå bilen. Inspektør Jan Ove Bjørgum viser korleis han med ein joystick lett kan følgje dei bilane han vil med kamera.

Jan Ove Bjørgum

LETT: Jan Ove Bjørgum seier utstyret er lett å bruke, men at det skal litt trening til for å tolke bileta.

Foto: Anna Gytri / NRK

På den eine skjermen ser han eit vanleg videobilete, medan han på det andre ser korleis varmgangen er i bremsene. Er bremsene varme vil det lyse frå akslingen, om det ikkje lyser kan det tyde på at noko er gale.

– Her ser du til dømes ein der det er skilnad på akslingane, seier han og peikar på semitraileren som køyrer forbi.

– Men som du ser her på det vanlege videobiletet, så er det fordi han har akslingen heva, det vil seie at han truleg er tom og at denne akslingen ikkje er i bruk.

– Kamera er så godt at om det er ei lita sprekk i frontruta, så kan vi sjå korleis varmen kjem ut, forklarar han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Inne i bilen med varmefølande kamera

VARME: Det skal litt trening til, men kontrollørane som brukar utstyret veit kva dei skal sjå etter. Som ein ser på biletet ser ein at det er lyser i dei områda der det er varme.

Foto: Johan Moen / NRK

– Heilt genialt

På ein av dei neste semitrailerane som køyrer forbi fattar Bjørgum mistanke til at noko er gale. Både på første og tredje aksling lyser det svakare, og kontrolløren kallar opp kollegaen på walkietalkie.

Frækaland som står oppe ved bua på kontrollstasjonen kan dermed stogge sjåføren og be han køyre bilen inn for ein nærare kontroll av bremsene.

Bak rattet i semitraileren sit ein sjåfør med mange år på baken. Hans Nordal blir ikkje sur når han blir stogga.

– Dette synest eg er berre positivt.

– Det nye utstyret er heilt genialt. Slik kan dei lett plukke ut ein bremsefeil, seier Nordal til NRK.no.

Meiner dette er betre enn alternativet

Hans Nordal

POSITIV: Hans Nordal er svært positiv til det nye utstyret som Vegvesenet no har teke i bruk.

Foto: Anna Gytri / NRK
Bjarte Frækaland

NØGDE: Bjarte Frækaland seier sjåførane som får testa bremsene sine som regel er glade for å vite om ting er i orden eller ikkje.

Foto: Anna Gytri / NRK

Etter å ha køyrt inn i kontrollhallen set kontroll Bjarte Frækaland seg inn i førarsetet. Slik kan han ha full kontroll på korleis bremsene på bilen reagerer når han skal køyre bremsetesten.

– No ser eg kor lang tid det tek før bilen byrjar bremse i forhold til kor tid eg trakkar på bremsepedalen, om det bremsar ulikt på kvar sidan og styrken på bremsene, ramsar han opp.

Nordal står utanfor og ventar, og er ikkje uroa.

– Slik det er no, med føre og alt, så handlar dette om tryggleik. Hadde eg fått ein bråbrems borti vegen her, og det hadde vist seg at eg ikkje hadde bremser, så hadde eg hatt eit større problem enn det er for meg å stå her i nokre minutt, seier han til NRK.no.

Fekk køyre vidare

Når Frækaland er ferdig med bremsetesten tek han seg også ein kikk under bilen. Samla sett kjem han fram til at Nordal skal få køyre vidare.

– Dei seier det er godt nok, så no kan eg køyre vidare med godt samvit.

– Og eg kan føle meg trygg, ikkje minst, seier Nordal.

Vil bli hyppig brukt i tida framover

Kontrollørane har allereie testa ut utstyret også andre plassar enn på kontrollstasjonen. Dei har mellom anna vore lenger oppe i dalen, på Borlaug, der E16 og riksveg 52 møtast. Her kjem det kvar dag ned hundrevis av tunge køyrety som har vore over fjella på Hemsedalsfjellet og Filefjell.

– Det vi ser der kan vi så varsle dei som står her på kontrollstasjonen om.

Og sjåføren dei kontrollerte i dag er ikkje den einaste som er positiv til det nyte utstyret.

– Sjåførane, spesielt i norske køyretøy, blir sjeldan irritable og sure når vi kontrollerer dei. Dei vil ha alt i orden. Dei vil ha sikre køyrety på vegen, og synest dette er greitt, seier Frækaland som lovar at utstyret vil bli mykje brukt i tida framover.

Håbakken kontrollstasjon i Lærdal

PÅ PLASS: Kvar region har fått kvar sin bil med slike varmefølande kamera. Håbakken kontrollstasjon i Lærdal ligg i region Vest og kontrollørane her vil kunne nytte seg hyppig av bilen i tida framover.

Foto: Anna Gytri / NRK