Hopp til innhold

Nytt styreverv til Andenæs

Adm.dir. i Sparebanken Sogn og Fjordane, Arvid Andenæs, er valt til ny styreleiar i Sparebankforeningen i Norge, nærings- og interesseorganisasjonen til alle landets sparebankar, samt dei fleste sparebankstiftingane. Det er første gong nokon frå Sogn og Fjordane har eit slikt verv, skriv Sparebanken Sogn og Fjordane i ei pressemelding.

Arvid Andenæs
Foto: Arve Ullebø