Normal

Nytt styre i Unge Høgre - fylkesleiaren veldig overraska

Under generalforsamlinga til Sogn og Fjordane Unge Høgre laurdag vart fire av fem sitjande medlemer kasta. Ingen av valnemnda sine forslag vart vedtekne.

Arve Mjømen

OVERRASKA: Fylkesleiar i Høgre, Arve Mjømen, hadde ikkje forventa at ein nytt styre skulle bli resultatet av generalforsamlinga i Sogn og Fjordane Unge Høgre.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Ja, eg er veldig overraska. Normalt sett plar valnemnda si innstilling vere nokon lunde i tråd med det forsamlingane vil. Og så er det viktig med kontinuitet i styret. Dette var overraskande, seier fylkesleiar i Sogn og Fjordane Høgre, Arve Mjømen.

Fram til i går var det Amanda Solvåg som styrte Unge Høgre i fylket, men då valet var gjennomført sat ho og resten av styret så og seie utan posisjonar. Då NRK kontakta ho søndag ville ho ikkje kommentere kva som skjedde på møtet.

Nyvald leiar for ungdomspartiet er Peter Hollevik frå Florø.

Bendik Hovland Liseth sat i styret også i førre periode, og hadde i følgje valkomiteen sagt frå seg attval. Han valde å endre meining under møtet og vart valt for eitt nytt år.

– Valet gjekk føre seg som dei fleste val, med protestar. Den eine sida støtta Amanda, den andre meg, seier Hollevik om valet.

Nytt styre i Unge Høgre Sogn og Fjordane

NYTT STYRE: Peter Hollevik frå Florø (i midten på biletet) er vald til ny leiar. Med seg i styret får han (frå venstre) Bendik Hovland Liseth, Vilde Tøfte Øvstetun. Asbjørn Øyra Sæterskar og Pernille Hjelmeland.

Foto: Unge Høgre

– Det har vore eit demokratisk val, og årsmøtet valde Peter som ny leiar. Det verka som dei låg veldig likt an på stemmetalet, Asbjørn Øyra Sæterskar.

Han er ein av dei nye medlemmane i styret. Han seier også at fleire av dei som valnemnda hadde forslag på trekte sine kandidatur då det vart klart at Amanda Solvåg ikkje vart leiar.

Har storma i fleire høgreleirar

Det har vore strid i Høgre og også mellom ungdoms- og moderpartiet siste tida. I januar fortalde tidlegare fylkesleiar i Unge Høgre, Amanda Solvåg til NRK at ho har kjent seg trakassert og mobba av fylkessekretær Ingvar Myrvollen. Myrvollen har avvist desse skuldingane. Dei siste månadane har det også vore klart at det bryggar opp til leiarstrid i moderpartiet.

Og verkar også ungdomspartiet i å vere i strid. NRK har også vore i kontakt med leiar i valnemnda i Unge Høgre, Lise May Sæle søndag, men heller ikkje ho vil kommentere saka overfor NRK.

Mjømen seier det i forkant av generalforsamlinga ikkje var noko som tyda på at det ville bli eit nytt styre.

– Nei, eg har ikkje vore oppdatert på det, det må eg berre seie.

Han var sjølv berre til stades i starten av møtet då han helsa dei frammøtte velkomne.

– Eg skrytte av god økonomistyring, som absolutt skulle vere leiaren si forteneste i lag med sine næraste styrande. Og her har vore gjort mykje godt arbeid.

– Har det vore folk i kontakt med deg i etterkant som har uttrykt uro for valet og det som skjedde på denne generalforsamlinga?

– Eg har ingen kommentar utover dette.

Vegopning på Bergum i Førde kommune