NRK Meny
Normal

For andre gong denne veka vart Kjell Magne stogga av steinsprang – ved Leversundet

Kjell Magne Kvalheim var på veg til Florø då bilen hans vart treft av ein stor stein ved Leversundet i Flora.

Kjell Magne Kvalheim

ANDRE RAS: For andre gong under ei veke vart Kjell Magne Kvalheim stogga av ras ved Leversundet i Flora.

Foto: Roger Bareksten

Vegen mellom Førde og Florø var stengd i nær eitt døgn då det tidlegare i veka gjekk eit steinras på same staden . Kjell Magne Kvalheim kom då til staden ein halvtime etter raset.

I 12.20-tida fredag fekk han steinen rett i framhjulet då det på nytt kom ned stein ved Leversundet. Vegen var rydda og opna att klokka 1325.

– Eg hadde akkurat passert rasstaden då det small i bilen. Dekket er heilt skvisa opp og felgen øydelagd. Nokre sekund tidlegare, så hadde eg fått besøk i bilen, seier han.

15–20 kilo

Flerre i dekket til Kjell Magne Kvalheim.

FLERRE: Steinen trefte framdekket til Kjell Magne Kvalheim.

Foto: Roger Bareksten

Vegen vart onsdag ettermiddag opna etter raset som tysdag kveld. Då var fjellsida reinska og vegen rekna som trygg.

Kvalheim fortel at steinen som trefte han var 10–15 kilo tung. I tillegg kom det ned fleire mindre steinar.

– Den var stor nok til å ta knekken både på meg og andre.

– Kva tenkte du då det small i hjulet?

– Det tør eg ikkje seie her. Då eg oppdaga kva det var, så tenkte eg at «her har det rasa. Kom deg vidare». Så eg køyrde på felgen til busslomma.

– Korleis er kjensla no?

– Eg er skjelven, men uskadd.

Nekta å stogge

Sperra vegen ved Leversundet.

SPERRA: Det vart etter kvart sett opp sperre på begge sider av rasstaden.

Foto: NRK.no-tipsar

Vegen var opna att etter kring tre kvarter. Dei første bilistane på staden vart oppmoda av politiet om å stogge all trafikk til dei var komne på staden.

– Men bilistane høyrde ikkje på oss. Det var skremmande å sjå folk kike forbi. Til og med motorsyklar, seier Kvalheim.

– Det forundrar meg veldig. Når til og med køyreskulebilar køyrer forbi, så blir eg paff, legg han til.

– Veldig uheldig

Geolog stadfesta etter kort tid at vegen kunne opnast att. Operasjonsleiar Inge Værøy hos Sogn og Fjordane politidistrikt tykkjer det er uheldig at bilistar ignorerte beskjeden om å stogge.

Nytt steinsprang ved Leversundet

STENGT: Etter ei ny vurdering vart vegen ved Leversundet etter kort tid opna for trafikk att fredag ettermiddag.

Foto: Roger Bareksten

Han seier meldar og andre bilistar vart bedne om å stogge trafikken for å sikre staden til situasjonen var avklara.

– At andre bilistar ikkje overheld teiknet om å stogge frå trafikantar, som er bedne av oss om å gjere den jobben, ser vi på som veldig uheldig, seier Værøy.

– Kva kan skje?

– Vi er jo ikkje sikre på om det kjem ned meir stein, og dersom det gjer det og bilistar er inne i eit området dei ikkje skal vere, så kan det få veldig uheldig konsekvensar.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser