Hopp til innhold

Nytt steinras på riksveg 5 i Flora

Steinane som måndag kveld kom ned på riksveg 5 ved Langedal er rydda frå vegbana. – Nokre store steinar ligg att i grøfta. Desse blir rydda seinare, opplyser politiet.

Langedal

Steinraset mellom Eikefjord og Svarthumle vart meldt klokka 1838. Det var passasje på staden, men steinane som var komne inn i vegbana låg så stygt til at ein politipatrulje dirigerte trafikken.

– Dei kom tilfeldigvis til staden. Ingen bilar skal etter det eg kjenner til ha vore nær ved å bli trefte av steinane, sa operasjonsleiar Marianne Føleide ved Vest politidistrikt i Florø i 19-tida.

Fredag rasa det ved Leversund nærare Florø . Då vart vegen stengd i kring eitt døgn. Raset måndag vart meldt rydda like over klokka 20. Det skal framleis ligge att steinar i grøftekanten. Desse er skilta.

Politiet opplyser at var kome ned fleire store steinar.

– Entreprenør er på veg, men politipatruljen blir verande. Dei var redde nokon kunne køyre inn i raset, opplyste Føleide.

Den største steinen i køyrefeltet skal vere på ein kubikk. Det ligg større steinar i grøftekanten. Politiet opplyser at ein stein er på storleik med ein personbil.

– Det kan sjå ut som at ei steinblokk har losna sju-åtte meter oppe i skjeringa og falle rett ned og knust. Mesteparten av steinen ligg utanfor vegen, sa vaktoperatør Jan Erikstad ved Vegtrafikksentralen.