NRK Meny
Normal

Nytt steg mot steineventyr

Nordic Mining og StatoilHydro har inngått avtale.

Gudvangen Stein.

- Det er banebrytande i den forstand at vi no har industrielle aktørar med på det vi tidlegare berre har snakka om på planstadiet, seier fylkesgeolog i Sogn og Fjordane, Bjørn Falck Russenes.

Ny forsking

I fleire tiår har de vore jobba med å utvikle teknologi som kan gjere dei enorme anortositt-forekomstane i Nærøydalen i Aurland til produkt som egnar seg til industriell bruk. Nærare bestemt til å produsere aluminium. Teorien har vore at ved bruk av CO2-gass er det mogleg.

Dette har det vore forska på i laboratorium lenge, men no er håpet å komme eit steg vidare.

- Vi skal byggje vidare på ein del grunnforsking som er gjort i norske kunnskapsmiljø og trekke det vidare slik at vi foråpentlegvis kan kome så langt at vi kan planlegge å bygge eit pilotanlegg slik at vi kan ytterlegare kommersialisere dette på eit industrielt nivå, seier administrerande direktør Ivar Fossum i Nordic Mining som i dag driv både i Gudvangen og i Vevring.

CO2 som salsvare

Og avtalen med StatoilHydro ser Fossum som svært viktig for å komme vidare med planer som til no har vore mest som fuglar på taket.

- Det er to industrielle aktørar som representerer to viktige arenaer for å vidareføre det viktige forskingsarbeidet som er gjort til no.

I StatoilHydro er problemet med å finne løysing på CO2-utsleppa frå Nordsjøen ei av drivkreftene for å gå inn i dette samarbeidet med Nordic Mining.

- Det som er viktig for oss er å finne ein måte å gjere CO2 til ei attraktiv vare, seier informasjonssjef Øistein Johannessen.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser