Hopp til innhold

Nytt steg for stortalentet

Sedrik Engebø Ullebø vart tidlegare i månaden kåra til årets sykkeltalent. No har han signert for Team Ringeriks-kraft.

Sedrik Engebø Ullebø

1. PLASS: Sedrik Engebø Ullebø vann gaterittet under Noregscupen i Stjørdal tidlegare i August.

Foto: Ringerike Sykkelklubb

– Det er to trinn under proffsirkuset og World tour. Likevel er Team Ringeriks-kraft godt på veg dit, seier Sedrik Engebø Ullebø.

Sedrik Engebø Ullebø

KONTINENTALLAG: Kontinentallaget Team Ringeriks-kraft er eit av dei beste sykkellaga i Noreg.

Foto: Team Ringeriks-kraft

I helga signerte stortalentet frå Høyanger for Team Ringeriks-kraft. 18-åringen vart tidlegare i august kåra til årets sykkeltalent. No skal han sykle for Team Ringeriks-kraft. Det er eit kontinentallag, som ligg to nivå under dei store internasjonale laga. Ullebø er optimistisk innstilt til å ta eit steg opp.

– Det er eit godt stykke att til eg kan sykle dei store ritta, men som kontinentalryttar får eg tilgang til å sykle proffritt med dei store gutane.

Vil bli best

Ullebø har lenge blitt sett på som eit stort talent både innan sykkel og langrenn. Dei siste åra har han gått på Noregs toppidrettsgymnas. 18-åringen legg ikkje skjul på kva som er målet.

– Målet er først å fremst å bli proff. Og når eg har blitt det er målet å bli best. No aller først håpar eg på å få sykle Tour des Fjords på heimebane i Sogn og Fjordane.

Stort steg

Dag Erik Pedersen

MYKJE JOBBING: Dag Erik Pedersen fortel at det å nå toppen innan sykling krev mange år med målretta jobbing.

Foto: Holm, Morten / NTB scanpix

Sykkelekspert i NRK og tidlegare proffsyklist Dag Erik Pedersen har sjølv merittar på topp internasjonalt nivå. Han meiner avtalen med Team Ringeriks-kraft vil gi Ullebø moglegheita til å nå toppen.

– Det å signere for eit sykkellag som Team Ringeriks-kraft er eit stort steg å ta. Eit steg ikkje mange får moglegheita til. Så mitt råd må vere å tenkje langsiktig, det å nå toppen innan sykling krev målretta jobbing kvar dag i mange år, seier Pedersen.