Hopp til innhold

Nytt søk etter Charlotte

Fredag vil politiet i Årdal gjennomføre nye søk etter den sakna Charlotte Moene frå Øvre Årdal.

Leiteaksjon i Fardøla
Foto: Steinar Lote / NRK

Det vart vedteke torsdag ettermiddag.

- Vi har bestemt oss for å gjere søk i Øvstetunfossen og i Fardøla på stadar der vi ikkje har kunne gjort søk tidlegare. No er vasstanden slik at det er mogleg å komme til der. I morgon vil vi gjere det arbeidet, seier Grøttebø.

Venta på vasstand

Charlotte Moene har vore sakna frå heimen sin sidan 9. juli. Eit av fleire tips som politiet har fått inn, går ut på at ho skal ha kryssa Fardøla over ei bru. Grøttebø seier at det kontinuerleg har pågått søk etter den sakna, men at det er enkelte stadar dei førebels ikkje har fått undersøkt. Det skal vere stadar i Øvstetunfossen og i Fardøla.

- Det har vore søkt i elva, men det er fleire stader der vi ikkje har fått komme til på grunn av mykje vatn. Vi har lenge hatt ynskje om å søke der, seier Grøttebø.

- Stor operasjon

Søket som skal gjennomførast fredag har vore førebudd dei siste dagane. Grøttebø seier Hydro har lagt ned eit kjempearbeid med å flytte vatn frå Fardøla til eit sideløp. I morgon kjem ein operatør og fire dykkarar frå Oslo Brann- og redningsetat.

- Dei har personar med spesialkompetanse på elveredning. I tillegg vil vi nytte breførargruppe frå Jostedalen, Norsk Folkehjelp og ikkje minst Hydro Energi. Operasjonen krev også bruk av helikopter som vil fly sandsekkar opp i elveløpet for å demme opp vatn, seier lensmannen.

Charlotte Moene
Foto: Politi / NRK

Trur på funn

Grøttebø har håp om at søket fredag gjev resultat.

- Det har vore gjort formidabelt søk på vatnet med undervasskamera, miniubåt og sonar. Det styrkar teorien om at det kan vere noko i elva. Vi håpar å gjere funn der, seier han og presiserer at at dei ikkje ynskjer folk flest i området under søket.

- Vi ynskjer ikkje at andre enn dei som vi har planar om kjem opp i området i morgon. Vi ynskjer arbeidsro og ber om at folk held seg heime. Så skal dei bli orientert gjennom media, seier han.