Politiet fekk i halv firetida melding om innbrot i gullsmedforretninga R. Hestenes i Eidsgata.
I løpet av få minutt fekk tjuvane med seg smykke for kring 400 000 kroner frå den 116 år gamle gullsmedforretninga.
- LES OGSÅ: Etterlyser UA 26093
– No har vi ei Radio/TV-avdeling like ved som går godt. No får eg bruke helga på å finne ut om det er verd å halde fram med gullsmedbiten, seier Hestenes til NRK.no.
Ynskjer tips
Ein vektar var i butikklokala eitt kvarter etter at innbrotsalarmen gjekk. Operasjonsleiar Leif Bell ved Sogn og Fjordane politidistrikt seier innbrotet tok kort tid.
– Gjerningspersonane har vore veldig raskt inn og ut av lokala, og det er teke med ein del gullvarer, seier han.
– Vi er interesserte i alt av tips publikum kan sitje med, legg Bell til.
Knuste glasmonter
Dei siste åra har gullsmedforretninga
. For Rune Hestenes er det sjette eller sjuande gongen at ubedne gjester tek seg inn i butikken.Tjuvane har teke seg inn gjennom bakdøra og knust glasmonter. Tilsette vart møtt av store mengder glasbrot då dei kom til lokala i morgontimane fredag.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
– Dei har berre banka seg inn. Eg unner ikkje nokon andre å komme inn etter eit slikt innbrot. Uansett om det er i privatheimen eller verksemd, seier Hestenes.
Vurderer å leggje ned
Etter 116 års drift vurderer han no å leggje ned gullsmedforretninga i Eidsgata.
– Det er ganske håplaust og forferdeleg trasig. Dersom det skal vere slik at ingenting får vere i fred, så vurderer eg å leggje ned heile butikken, seier Hestenes.
– Einaste måten du kan hindre noko slikt på, er å låse alt du har inn i ein safe kvar einaste dag. Men då finn dei vel på noko anna, seier han.
Trur på oppklaring
– Det verste med dette er det mentale, at du blir vekt opp og får vite at det er innbrot. Du søv aldri godt. Sjølv om du har innbrotssikre dører, alarmar og det som skal til for å halde dei vekke. Det bur folk rundt der også. Det seier seg sjølv at slikt ikkje er moro, legg Hestenes til.
No set han sin lit til at politiet oppklarar innbrotet. Likevel tvilar han sterkt på at han nokon gong får sjå att gullet som forsvann i natt.
– Ut frå måten dei har tatt låsen på, så reknar eg med at det er profesjonelle folk. Dei har sine måtar å gjere det på med bakmenn og å få varene ut av landet på kort tid, seier han.