Det vart slege full alarm då leitemannskapet tok inn signal frå to rasvarslarar, og luftambulanse og leitemannskap med hundar vart rekvirert. Det seier operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane Politidistrikt, Inge Værøy.
Foto: Rune Kjær Valberg
Falsk alarm
I ettertid viste det seg at det var rassøkjarar som låg i ein brøytebil som gjorde at det vart slege alarm. Mannskap på staden mottok peilesignal frå to søkjarar og slo full alarm.
Utløyst av skigåar
Driftsleiar ved Stryn Sommarski, Rolf Olav Flo, seier det var ein skiløpar som utløyste raset på same staden som det gjekk eit ras for vel ei veke sidan. Skiløparen var åleine i området.