NRK Meny
Normal

Nytt politihus kostar dyrt

Det nye politihuset i Florø vert årleg fire millionar kroner dyrare i drift å leige enn det gamle.

Politimeister Johan Brekke
Foto: Cosmin Cosma / NRK

For å få råd til å betale den auka husleiga, får ikkje politimeister Johan Brekke tilsetje folk i fleire ledige stillingar i politidistriktet.

Les og: Stipend til politistudentar

Uventa auke

- Dei utgiftene vi har etter at vi har kjøpt nytt politibygg, inkludert driftsutgifter og husleige, er omlag fire millionar, seier Brekke.

Halvtårsresultatet viser no at det nye politihuset i Florø vil føre til ein uventa auke i årlege utgifter. Desse må dekkjast inn på neste års driftsbudsjett.

- Vil bli fleire ledige stillingar

- Viss det ikkje vert ekstraløyvingar vil politidistriktet vere i ein veldig tøff situasjonen økonomisk. Då vil vi måtte ha ledig endå fleire stillingar enn vi har ledige i dag, forklarar Brekke.

Johan Brekke

Politimeister Johan Brekke treng ekstraløyvingar.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

I dag står elleve lensmannstillingar ledige, og eit slik utfall vil forverre ein allereie vanskeleg situasjon.

For i det siste har det kome fram at politiet ikkje har kunne rykke ut ved fleire høve på grunn av manglande bemanning.

I Florø har situasjonen vore så pressa, at politistasjonssjefen har måtte gå på vakt åleine.

Les og; Stengjer åtte lensmannskontor

Har mistenkt baksmell

Fylkesleiar i Politiets fellesforbund, Dag Øyen, seier han har mistenkt at ein baksmell ville kome. Men han har ikkje vore klar over størrelsen før no.

Dag Øyen

Dag Øyen reagerer på at det nye politihuset vert fire millionar kroner dyrare i drift og leige enn det gamle.

Foto: NRK

- Då debatten gjekk om kor ein skulle legge politihuset vart det sagt at lokalisering i Florø ikkje skulle føre til meirutgifter, på nokon som helst slags måte.

Han er likar ikkje at det no viser seg at det nye politihuset vert fire millionar kroner dyrare i drift og leige enn det gamle.

- Det reagerer eg ganske sterkt på.

- Tala burde vore klare tidlegare

- Eg meiner desse tala skulle vore klare langt tidlegare, seier Øyen.

Fylkesleiaren seier at forbundet har forståing for at leiinga i politidistriktet er ny og ikkje var med på forhandlinga om det nye bygget.

Saka har no blitt tatt vidare til forbundsleiinga sentralt.

- Einaste løysing

Og Arne Johannesen som er leiar i Politiets Fellesforbund, trur ekstra løyvingar førebels er den einaste løysinga.

- Viss det har vore ein føresetnad at lokalisering i Florø ikkje skal medføre meirutgifter slik fagforeininga har blitt lova, så er eg nøydd å sjå på denne saka, seier Johannesen.

Arne Johannesen i mobiltelefon

Leiar i Politiets Fellesforbund seier han vil sjå på saka.

Foto: Sidsel Avlung / NRK

- Det er gale

Han meiner situasjonen er uheldig.

- Eg synst det er for gale viss det er slik at eit pressa politidistrikt skal måtte redusere aktivitet fordi dei har fått eit nytt politihus som var heilt nødvendig å investere i, seier Johannesen.

Politiets fellesforbund står klar for å samarbeide med leiinga i politidistriktet om å finne ei løysing.

Samtalar med politidirektøren

Ingelin Killengreen

Ifølgje politimeister Johan Brekke skal han i møte med politidirektør Ingelin Killengreen i august.

Foto: Poppe, Cornelius / SCANPIX

No konsentrerar politimeisteren seg om å unngå nye kutt i lensmannsstillingar.

Brekke seier han har satt i gong forhandlingar om ekstraløyvingar, med politidirektør, Ingelin Killengreen.

- I utgangspunktet er det sagt at vi må ta frå driftsbudsjettet. Men det har heile tida vore ein dialog mellom oss og politidirektoratet i forhold til det, forklarar Brekke.

Han seier han seinast snakka med politidirektøren måndag, og at han har møtt forståing for situasjonen.

- Eg er ikkje lova noko, men det vert eit møte mellom oss i midten av august, seier Brekke.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå