Hopp til innhold

Nytt poengtap mot botnlag

Sogndal har store problem med å slå dei dårlegaste laga i 1. divisjon. I går greidde sogndølene berre 1-1 i den utsette kampen mot Tromsdalen.

Trenar Stig Nord er skuffa etter nok eit poengtap
Foto: Cosmin Cosma / NRK

Trenar Stig Nord vedgår at laget har eit kompleks mot laga på den nedre halvdelen av 1. divisjonstabellen.

Trass spelemessig overtak greidde ikkje Sogndal å produsere store nok målsjansar til å hente heim dei tre poenga som trengst i kampen om kvalifiseringsplassen.

Inn i  rekkja av dårlege resultat

Poengdeling i går og dei ferske tapa heime mot Pors Grenland og Follo føyer seg inn i rekkja av dårlege resultat mot lag på den nedre halvdelen av fyrstedivisjonstabellen.

- For stasjonære

- Vi har ikkje gode nok resultat mot laga som ligg i nedre sjikt av tabellen pr i dag. Det er ei samansett forklaring, vi spelar mot lag som ligg djupt og forsvarar seg med nebb og klør, og gjer det vanskeleg for oss, og då har vi kanskje ikkje vore gode nok offensivt.Det handlar om val, vi har spelarar som kanskje er litt for stasjonære og som tek for stor risiko med å tråkle seg gjennom i midten. Det går på val, men kampane er ulike, vi må drille meir på spelestilen, og så handlar det og om marginar.

- Skuffa, men rettferdig resultat

 

Ole Hjelmhaug
Foto: Cosmin Cosma / NRK

Stig Nord er skuffa etter at laget berre greidde uavgjort borte mot Tromsdalen. Laget frå Tromsø tok leiinga i fyrste omgang, medan Ole Hjelmhaug berga dei eine poenget på straffespark eit kvarter før slutt.

1-1 var eit rettferdig resultat, seier sogndalstrenaren.

- Ikkje skarpe nok offensivt

- Vi hadde ikkje fortent meir enn eitt poeng i denne kampen slik det utvikla seg, sjølv om vi styrer det meste av spelet og har dei fleste sjansane, så er vi ikkje skarpe nok offensivt, så 1-1 er for så vidt greitt nok. 

Sogndal ligg no på femteplass, tre poeng bak Bodø-Glimt på kvalifiseringsplass.