Hopp til innhold

– Bana kunne nok vore betre

Ei humpete bane må ta skulda for at det var alt anna enn finspel som vart vist på Fosshaugane søndag kveld. Men Sogndal må leve med gamalt gras i fire heimekampar til.

Sogndal Hønefoss

HUMPETITTEN: Sogndal-kaptein Henrik Furebotn og dei andre på Fosshaugane hadde nok ønskt seg ei bane med betre dekke. Men banemannskapa får mykje ros for i det heile å ha klart å gjere bana speleklar.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

0-0 og uavgjort heime mot Hønefoss i første heimekamp for sesongen er likevel noko både spelarar og trenar var nøgd med.

Dette trass i heilt andre prestasjonar enn mot Odd Grenland i opningskampen - som gjekk på kunstgras i Skien.

Ingen baklengs for Udjus

No nærmar det seg kunstgras også på Fosshaugane. I sommarpausen vert dekket skifta.

– Bana burde jo sjølvsagt vore betre, men eg tykkjer vi trass alt gjer ein ok kamp i dag, seier Sogndal-målvakt Kenneth Udjus til NRK.

Kenneth Udjus

MÅLLAUST: Kenneth Udjus gler seg til det kjem kunstgras på Fosshaugane i sommar.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

Han er ikkje minst nøgd med at han ikkje har sluppe inn nokon baklengsmål hittil i sesongen, og at laget trass alt leverer gode prestasjonar på ei bane som var meir prega av humpar og sår, enn vårgrønt gras.

Ros til banemannskapa

– Banemannskapa har gjort ein kjempejobb med å få bana klar til kampen. Dei fortener verkeleg all ros for at den i det heile vart speleklar, konkluderer Sogndal-trenar Jonas Olsson.

Malick Mane

STOD PÅ: Stéphane Diarra Badji framstår som ein svært innsatsviljug spelar i kampen mot Hønefoss.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Han rosar spelarane som kjempa hardt i to omgangar, og sjølv om det ikkje vart mål, meiner Olsson at kampen lovar godt for sesongen framover.

– Dette vart jo mildt sagt ein heilt annan kamp enn opningskampen mot Odd Grenland. Vi skal spele fire eliteseriekampar til på dette dekket, men det skal bli godt å få bytta ut dette dekket med kunstgras, seier Olsson til NRK.

Jonas Olsson

NØKTERN: Jonas Olsson er nøgd med fire poeng på to kampar.

Foto: Øystein Ølstad Hjetland / NRK

Olsson var etter kampen full av lovord om spelarane, ikkje minst Badji, som kjempa som ei senegalsk løve gjennom heile kampen.

Nesten-mål for Tonny

– Badji er rett og slett ein svært god spelar, og kjempa svært godt i dag, slo Olsson fast på sit sedvanlege nøkterne vis.

Ein annan spelar som kjempa godt i uavgjortkampen mot Hønefoss var danske Tonny Brochman Christensen. Han var svært nær på å skåre, men ballen slo knallhardt i tverrliggaren og ut etter 63 minutt i kampen.

– Det var rett og slett ergerleg at den ikkje gikk inn, men det var litt stang ut i dag. Men eg er totalt sett nøgd med kampen, ikkje minst fordi vi hittil i eliteserien står utan baklengsmål, seier Tonny til NRK.

Makedonske Jasmin Mecinovic måtte gå av bana med skade i 1. omgang, og hinka ut av Fosshaugane på krykker etter kampen.

– Vi veit førebels ikkje om kor alvorleg skaden kan vere, seier Sogndal-trenar Jonas Olsson.