Hopp til innhold

Nytt nei til Astrupsenter

Fylkesrådmannen meiner skredsikringa vil øydeleggje kulturlandskapet.

Astruptunet i Jølster kommune

Det nye besøkssenteret ved Astruptunet har fått eit nytt nei. Denne gongen frå fylkesrådmannen.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Fylkesrådmann Jan Øhlckers rår fylkesutvalet til å gå imot regulering av eit nytt Astruptun ved i Jølster.

Tidlegare har fylkeskultursjefen gått imot planane.

Øhlckers konkluderer med byggjinga av eit nytt besøkssenter vil føre med seg for store skredsikringstiltak, noko som vil slå negativt ut.

- Skredsikringstiltaket vil føre til ubøtelege inngrep i kulturlandskapet rundt kunstnarheimen.

Vil svekke opplevinga

Fylkesrådmannen skriv vidare i si tilråding at skredsikringstiltak vil svekke opplevinga og forståinga av Astruptunet som kulturmiljø og kunstnarheim.

- Landskapet og kulturlandskapsverdiane rundt Astrupsenteret må sjåast på som ein heilskap og ein del av opplevinga av Astruptunet som kulturminne. Spesielt er dette viktig med tanke på at Nikolai Astrup hadde landskapet med som eit viktig element i fleire av verka sine.

Mekling hos fylkesmannen

Dersom fylkesutvalet vel å følgje tilrådinga frå fylkesrådmannen, kan konflikta mellom fylkeskommunen og Jølster kommune ende i mekling hos Fylkesmannen.

Dersom eventuell mekling ikkje fører fram, vil striden hamne på bordet til Miljøverndepartementet.