Nytt musikalsk samarbeid

To av dei sterkaste røystene i musikk-Noreg, Daniel Kvammen og Eva Weel Skram, har gått saman og gitt ut ein låt om eit av dei evige tema, nemleg einsemd.

Daniel Kvammen og Eva Weel Skram

SAMARBEID: Daniel Kvammen og Eva Weel Skram gir ut musikk i lag.

Foto: Heidi Fjørtoft Klokk / NRK

«Einsam i lag» heiter låten, som no er tilgjengeleg på alle strøymetenestene. Samarbeidet kom i stand ved at Daniel Kvammen spurde Thomas Stenersen, mannen til Eva, om han kunne vere produsent på ein song han hadde laga.

– Eg hadde høyrt på plata til Eva og tykte den var så fin at eg spurte Thomas om han ikkje kunne produsere ein song for meg også, seier Kvammen.

Men det han ikkje visste var at Thomas Stenersen dei siste 14 åra berre har samarbeida med kona.

– Då spørsmålet kom frå Daniel så spurde Thomas meg om vi hadde tid og om han kunne gjere dette. Eg sa berre køyr på, seier Skram.

Litt som Yoko Ono

Tanken var at dette skulle vere eit sideprosjekt for Thomas, og at innspelinga skulle skje i heimestudioet i kjellaren til Eva og Thomas. Medan dei to karane fann seg til rette i studioet, gjekk Eva i etasjen over og prøvde å ikkje blande seg inn.

– Men låten kom gjennom veggane fordi det er så lytt, og eg enda med å forelske meg i låten, seier Skram.

Det gjekk ikkje betre enn at ho ei natt vakna med ein ide til låten som ho skreiv ferdig og presenterte for Daniel neste dag, då han kom til studioet.

– Då kjende eg meg litt som Yoko Ono. Her kjem eg som ikkje skulle blande meg. Dette skulle vere deira prosjekt og så kjem eg her og har laga ein ny del til låten, ler Skram.

– Eg tok dette utruleg dårleg, vitsar Kvammen.

– Nei da, andre hadde kanskje vore meir eigesjuke. Eg tykkjer det berre er moro om folk kjem med innspel, seier Kvammen.

Stjernelag

I tillegg til Kvammen og Skram så har også ein annan kjend norsk musikar, Marit Larsen, også vore med og skrive låten.

– Dette er eit superlag, ler Kvammen og hintar til Eva om at far hennar, Dag Skram, var med å kore på fotballsongen om superlaget frå Sogndal.

– No i påska drog pappa i gang «Dag Skram med vener» på hytta. Der var eg og Tone og Jan Inge Fardal (som skreiv Stao no pao saman med Per Kristian Indrehus), og vi hadde allsong, fortel Skram tydeleg engasjert og med latter i stemma.

Spør etter meir

Sjølv om songen vart sleppt i dag er det allereie mange som vil ha meir.

– Låten er dagsfersk, men vi har allereie fått mange spørsmål om det kjem meir. Det er eit godt teikn, seier Skram.

– Så er det kanskje også ein sjanse for at vi får spelt live, seier Kvammen.

– No må vi sjekke kalendrane våre og sjå om vi tilfeldigvis kan vere på same stad til same tid, seier Skram.