NRK Meny
Normal

Nytt mediehus under oppsegling i Årdal

Breibandsleverandøren Årdalsnett går med ambisiøse planer om eit heilt nytt mediehus i Indre Sogn.

Årdalstangen

NYETABLERING: Snart kan innbyggjarane i Årdal kommune få sin eiga nettavis og TV-kanal.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Årdalsnett vil gje indresogningane betre og meir lokalt stoff frå regionen. No er dei i forhandlingar om å kjøpe nettavisa porten.no.

Terje Laberg

STYRELEIAR: Terje Laberg seier at Årdalsnett har knytt til seg leverandørar som sikrar naudsynt produktutvikling til å kunne levere til det nye mediehuset.

Foto: Årdal utvikling

Og i løpet av dei neste tre åra vil breibandverksemda sine 3.000 abonnentar få lokale TV-sendingar inn i stova.

– Det er så ambisiøst at vi skal ha opp å gå ei nettavis med god økonomi og liten redaksjonell stab. Vi skal også ha opp såkalla lokal TV-sendingar. Først og fremst på nett-TV, og deretter opp mot TV-abonentane våre, seier styreleiar Terje Laberg.

Ultralokalt stoff

I byrjinga vil dei dekke Årdal og Lærdal, men på sikt ynskjer dei å nå langt fleire.

– Eg trur dei to lokalsamfunna blir for små om vi skal få opp ei berekraftig økonomisk satsing. Vi er ein del av Sogn, så Sogn blir på ein måte vår marknad, seier Laberg.

– Det er ein del nyhende som kjem, men som blir for små for dei andre kanalane. Vi ynskjer å ta tak i det ultralokale som skjer i regionen i Sogn, held han fram.

Lokal TV-død

Øyvind Lindøe, dagleg leiar i TV Haugaland.

DAGLEG LEIAR: TV Haugaland, der Øyvind Lindøe er dagleg leiar, er ein av få lokal TV-stasjonar som har overlevd.

Foto: TV Haugaland

Det betyr at Sogn og Fjordane får ein heilt ny aktør som vil konkurrere mot dei gamle og etablerte i mediefloraen i fylket. Årdalsnett er allereie på jakt etter ein redaktør i fast stilling, medan journalistane i starten blir frilanserar.

Øyvind Lindøe, dagleg leiar i TV Haugaland, seier det er vanskeleg å starte ein lokal TV-kanal. I dag er berre seks av 28 lokale TV-kanalar att i Norge.

– Dei siste åra har det nærast vore ein lokal TV-død i Norge, som vi ikkje har sett i Danmark og Sverige, seier Lindøe.

Lindøe har trua

TV-kanalen som dekkjer 14 kommunar er ein av få lokalstasjonar som har klart seg. I dag har dei kring 70.000 sjåarar i veka.

Lindøe har likevel tru på at nye idear som den Årdalsnett har, kan overleve.

– Eg trur tida er inne for knoppskyting av nye kanalar og initiativ. Det høyres ut som ein spennande idé, seier han og meiner det er viktig at den nye medieverksemda blir ein god konkurrent til dei etablerte.

– Må sjå verdien

Lindøe seier verksemda må bli teken seriøst og få lokale verksemder til å kjøpe annonser.

Utan det, vil det ikkje vere økonomisk berekraftig.

– Skal ein leve på sikt, så må annonsøren sjå ein verdi i seg sjølv, men også til publikum. Det er kortsiktig dersom næringslivet er med å støttar med almisser i ein startfase, men dei må sjå at dei får noko tilbake for det, seier han.

Fryktar ikkje konkurransen

Jan Inge Fardal

REDAKTØR: Jan Inge Fardal fryktar ikkje konkurransen frå Årdal.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

I Sogn Avis fryktar ikkje redaktør Jan Inge Fardal konkurransen frå det nye mediehuset.

– Det har eg ikkje tenkt mykje på, og eg kjem nok ikkje til å gjere det heller. Det er så mange konkurrentar i mediebransjen at ein til eller frå trur eg ikkje spelar så veldig stor rolle, seier han.

Laberg trur heller ikkje at lokalavisa treng å vere uroleg.

– Eg håpar nok meir at vi blir eit supplement, og ikkje absolutt ein konkurrent.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå