NRK Meny
Normal

Nytt landstraumanlegg ved oljebasen i Florø

FLORØ (NRK): I dag opna landstraumanlegget på oljebasen i Florø, det første i sitt slag i Norge. I løpet av neste år kan det komme fem nye langs norskekysten.

Straumtilkoplign ved landstraumanlegget i Florø

KOPLINGA: Her kjem straumen til skipet som ligg i land ved fjordbasen i Florø.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Som første skip kopla supplybåten «Rem Eir» seg til det nye landstraumanlegget som i dag opna ved oljeforsyningsbasen Fjord Base.

På det nye anlegget kan båtar som legg til kai skru av motoren og lade som ein elbil. Noko som er bra både for miljøet og økonomien.

– Det er ein stor dag for Florø, og ein stor dag for heile oljenæringa som jobbar med å bli grønare, seier Flora-ordførar Ola Teigen (Ap).

Fem nye på veg

Ola Teigen og Frida Monstad ved oljebasen

VIKTIG: Både ordførar Ola Teigen (t.v.) og Frida Eklöf Monstad meiner opninga av det første landstraumanlegget for offshorenæringa er eit miljømessig viktig steg.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Anlegget er det første som blir opna for offshoreflåten. I løpet av neste år håpar Statoil å ta i bruk tilsvarande anlegg ved oljebasane i Stavanger, Mongstad, Kristiansund, Sandnessjøen og Hammerfest.

Statoil har i dag mellom 15 og 25 supplybåtar i dagleg operasjon. Landstraum kan redusere driftskostnadane med opp til ein million kroner i året per båt.

– Men den store vinsten ligg i Co₂-utsleppa. På same måte som vi ynskjer å vere den mest karboneffektive produsenten av olje og gass, ynskjer vi å ha den mest karboneffektive logistikkjeda i bransjen, seier Frida Eklöf Monstad, leiar for Statoil si maritime avdeling.

270 bilar

Eklöf Monstad framhevar at både Fjord Base og kommunen har vore pådrivarar for å vere dei første med landstraum for offshorefartøya. Landstraumanlegga er spleiselag mellom oljebasane og Enova.

I tillegg syter Statoil for at fartøya som nyttar basane fast skal kunne nytte landstraumanlegga framfor drivstoff.

– Anlegget reduserer Co₂-utsleppet tilsvarande 270 bilar. Det er eit lite steg, men eit merkbart steg på vegen, seier ordførar Teigen.

– Du har klimavinst og det blir rimelegare å ligge til kai. Trur du dette betyr auka trafikk?

– Kanskje, men det er ikkje det viktigaste argumentet. At basen har ein tydeleg miljøprofil trur eg kan vere avgjerande for at ein får meir aktivitet.

– Mange selskap er opptekne av det og fleire og fleire selskap vil krevje det. Statoil krev i sine anbodskontraktar at det skal vere miljøvennlege løysingar. At basen er framoverlent og satsar på denne type løysingar vil styrke basen som driftsbase, legg Teigen til.

– Vi har sett botnen

Ola Teigen

POSITIV: Ordførar Ola Teigen har tru på stadig fleire arbeidsplassar på Fjord Base. – Eg har sagt at vi om to-tre år vil sjå all time high på Fjord Base, seier han.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

I 2015 hadde 620 personar arbeidsplassen sin på basen. Så kom nedgangen i oljenæringa. I dag er det kring 570 tilsette på basen. Ordføraren trur på ein ny opptur.

I førre veke vart det kjent at seismikkselskapet PGS Geophysical AS skal etablere seg på basen .

– Eg trur vi har sett botnen. No ser vi at oljeprisane går opp, Statoil har kutta produksjonskostnadane sine stort og det er optimisme i næringa. Eg trur vi vil sjå fleire etableringar framover og at aktivitetsnivået vil stige merkbart, seier Teigen.