Hopp til innhold

Har registrert fem jordskjelv på ei veke

Siste veka er det registrert fem jordskjelv i og utanfor Sogn og Fjordane. Seinast klokka 1030 i dag.

Jordskjelv

REGISTRERINGAR: Her har Norsar registrert jordskjelv siste veka. Skjelvet som torsdag morgon vart registrert i Sogn og Fjordane, er den raude prikken over fylket vårt.

Foto: NORSAR

Lyttarar har kontakta NRK med spørsmål om jordskjelv i føremiddag.

– Eg kjende god risting/rumling på Nordfjordeid, og det likna ikkje på sprenging som dei driv med i Hagaåsen, fortel ein.

Ved forskingsinstituttet Norsar på Kjeller får NRK stadfesta at det har vore eit jordskjelv.

– Vi har ei typisk jordskjelvregistrering i området der, men må ha data frå fleire stasjonar for å kunne seie noko om styrke og lokalisering. Det kan ta eitt par timar. Likevel kan vi seie at det ikkje ser så veldig stort ut, seier Conrad Lindholm torsdag føremiddag.

Oppdatert: Skjelvet kom klokka 10:30:32 om lag 14 km vest-nordvest for Askvoll og hadde ein styrke på 2,27.

Så det var jordskjelv altså? Det dura her i Florø, men tenkte egentlig på en lastebil.

Frå Facebook-sida til NRK Sogn og Fjordane

Utsett område

Vestlandskysten til Sunnmøre og i Nordsjøen til Tampen-området er dei mest jordskjelvutsette områda. Aktiviteten er størst ved munningen av Sognefjorden.

Lindholm er difor ikkje særskilt overraska over at det er registrert fleire jordskjelv siste veka. I tillegg til fem registrert i Sogn og Fjordane, er eitt registrert nær fylkesgrensa mellom Hordaland og Sogn og Fjordane.

– Når vi har klassebesøk frå Sunnmøre eller der omkring, så har meir enn 50 prosent av elevane merka jordskjelv. Men noko forklaring på kvifor det er slik, kan eg ikkje gje, seier han.

Merka det godt på fastlandet i Måløy-området i dag tidlig! Trudde det var ras først - lyden blei høgare og høgare, så rista det i bakken et sekund eller to.

Frå Facebook-sida til NRK Sogn og Fjordane

Lenge sidan siste store skjelv

Sjølv om det har vore ein del jordskjelvaktivitet siste tida, vil ikkje Lindholm spekulere i om mange små skjelv kan vere forvarsel på eitt større skjelv.

– Ofte har vi mange små skjelv før eitt større skjelv, men vi har også store skjelv som kjem utan forvarsel, seier han og legg til.

– Men no er det lenge sidan vi har hatt eit veldig sterkt skjelv. Sist vi hadde eit styrke 5 i området, var i 1989. Statistisk sett er vi langt over den tida vi skulle hatt eitt nytt. Det skulle ha kome tidleg på 2000-talet, seier han.

Det var ein dur og så klirra koppane i skapet.

Frå Facebook-sida til NRK Sogn og Fjordane