NRK Meny
Normal

Region råka av to jordskjelv på to dagar

Vestlandet har opplevd to jordskjelv på to dagar. Det er heilt tilfeldig, meiner ingeniør.

Berit Marie Storheim viser skjelvet.

MINDRE ENN SKJELVET PÅ TYSDAG: Overingeniør Berit Marie Storheim seier at jordskjelvet på onsdag er mindre enn det på tysdag.

Foto: Markus Vangen / NRK

– Vi har registrert eit jordskjelv 30 kilometer ute i havet vest for Florø, seier Marte Louise Strømme, som er avdelingsingeniør ved geofysisk institutt på UiB.

I Sunnfjord er det mange som har meldt om buldring på føremiddagen.

Det er andre dagen på rad med jordskjelv på Vestlandet. På tysdag var det fleire som kjente at huset rista og at lampane skrangla. Berre tilfeldig, meiner ingeniør.

– Tilfella rår. For nokre år sidan hadde vi to jordskjelv på same dag på Voss og i Feios, men det er berre tilfeldig. Det kan gå ti år til neste gong, seier Berit Marie Storheim, som overingeniør ved institutt for geovitenskap på UiB.

Mindre enn jordskjelvet på tysdag

Skjelvet på tysdag var truleg eitt av dei sterkaste på ti år i Noreg. Skjelvet i dag vart målt til 2,6 på skalaen.

– Det er eit jordskjelv som du vil kjenne, men det er mindre enn det som var på tysdag. Vi har ikkje fått så mange rapportar, men vi vil gjerne ha tilbakemelding frå folk som har kjent jordskjelvet, seier Strømme.

Jordskjelvet i Sogn og Fjordane var eit lite skjelv i norsk samanheng, men likevel noko ein kunne merke.

– Står du på ein veg og det køyrer ein lastebil fordi, så kan det samanliknast med eit jordskjelv på 2,6 på skalaen. Gjekk du gjennom Florø sentrum på tidspunktet det skjedde, kan det godt vere du ikkje merka noko som helst. Stod du i ro, så kjente du det nok betre, seier Storheim.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.