Hopp til innhold

Nytt jerveoffer funne.

Jegerane og bøndene som no saumfer fjellområda mellom Lærdal og Årdal for å jakte på jerven som har drepe fem sauer i området, fann torsdag eitt nytt kadaver av eit lam. Jerven har dei førebels ikkje sett noko til, og leiar i Naddvik beitelag, Ole Bjarne Hovland, forventar det heller ikkje. Han seier jervejakt på denne tida av året er så godt som umogleg.