Hopp til innhold

Nytt håp for visingssenter på Tusenårsstaden

I Gulen gler dei seg no over at visingsbygget på tusenårsstaden er tatt inn att i investeringsplanen til fylkeskommunen.

Arkitektgruppa CUBUS AS tusenårsstaden Gulen

TUSENÅRSSTADEN: Slik skal visingssenteret sjå ut.

Foto: Arkitektgruppen CUBUS AS

– Det er svært gledeleg at visingsbygget er kome inn igjen i langtidsplanen til fylkeskommunen. Det betyr at det kan realiserast dersom vi får på plass resten av finansieringa, seier Anne Hopland som er dagleg leiar for Tusenårsstaden Gulatinget.

Tusenårsstaden vart opna den 27. august 2005. I juni 2011 stakk den Bergensbaserte arkitektgruppa CUBUS AS av med sigeren i konkurransen om å få utforma formidlingssenteret på tusenårsstaden Gulatinget i Gulen.

Målet var at visingssenteret skulle stå klart til grunnlovsjubileet i 2014.

Fall ut av lista

Visingssenteret er no kostnadsrekna til 75 millionar kroner. Det skal finansierast gjennom eit spleiselag av kommune, fylke og stat med kvar sin tredel. Men då dei stod klare til å sette spaden i jorda i 2014, fall visingssenteret ut av den fylkeskommunale langtidsplanen.

– Vi skal no gå over løysingar og kalkylar for å sjå at alt framleis stemmer, seier Hopland.

For senteret er eigentleg ferdig planlagt med romløysingar og innhald. Gulen kommune har sett av pengar til senteret i sine planar, men fylkeskommunen om bord igjen er alt klart for å søke om statlege pengar.

Verdige former

Det har lenge vore eit ynskje om meir aktivitet på Tusenårsstaden i Gulen. Gulatinget er det eldste norske eksempelet på at representantar frå lokale distrikt møtest for å delta i styringa av eit større område. Gulatingslova, den eldste skriftlege rettskjelda i landet, og i heile Norden, vert ofte rekna som eit grunnlag for dagens lover.

Anne Hopland (Sp)

VISINGSSENTER: Anna Hopland er dagleg leiar for Tusenårsstaden Gulatinget.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit/NRK

– Når vi skal vise fram dette så bør det skje i litt meir verdige former enn meg under ein paraply på Tusenårsstaden, seier Hopland.

Spanande formidlingskonsept

Det er det islandske firmaet Gagarin har utvikla formidlingskonseptet for visingssenteret på tusenårsstaden.

– Det har til no vore mykje snakk om bygning og økonomi, men ikkje så mykje om innhald. Men Gagarin har utvikla eit fantastisk spanande formidlingskonsept, seier Hopland.

Frå før har Gagarin utvikla sjøfuglsenteret på Værlandet og bresenteret i Folgefonna. I tillegg har dei levert utstillingar over heile verda.

– Dei er vel eit av tre leiande selskap på verdsbasis som jobbar med denne typen formidling, seier Hopland.

I visingssenteret vil ein kunne lære om kva Gulatinget var, og om retts- og forsvarsutviklinga i Noreg. Noko av utstillinga blir i bygget, men også utanfor. Blant anna vert det sett opp ein kikkert i Eivindvik, der du kan sjå sentrum i Eivindvik slik det er i dag, så kan ein vri på eit hjul og gå 1000 år attende i tid.

– Tinget er jo ikkje der lenger, så vi må no gjere det levande og vise framveksten av demokratiet og lov og rett i Noreg, seier Hopland.