Det Stortinget no har sagt er svært konkret i høve til Grenland og gassrøyrleidning i Trondheimsfjorden. Men det er også sagt at dersom det kjem andre aktulle prosjekt, så vil staten vere med også i dei tilfella.
Staten meir aktiv
- Staten skal spele ei mykje meir aktiv rolle for å få teke gassen i bruk, og vil vere med og betale den infrastrukturen som trengst, seier Olav Akselsen.
Ordførar Arve Helle Arkivfoto NRK
Konkrete planar mangelvare
Arve Helle er ordførar i Fjaler, der dei lenge har gått og håpa på å få ilandføring av gass til Lutelandet. Og han tek mot bodskapen frå Akselsen med glede. Men det det har skorta på og som også leiar i næringskomiteen etterlyser er er konkrete planar.
Nytt prosjekt
- Men det ein bør hugse er at prosjektet på Lutelandet er nokså nytt. All røynsle tilseier at det tek lengre tid å få konkretisert planar som inneber så spesiell teknologi, seier Helle.
Rundt påske blir eit utviklingsselskap for Lutelandet skipa. - Det er svært viktig for både HAFS-kommunane og heile fylket å få ilandføring av gass, seier Helle.