Hopp til innhold

Pussar støv av gamle planar for nytt fellesmagasin for musea

Politikarane har blitt samde om å gå vidare med 10 år gamle planar for korleis og kvar kunst og museumsgjenstandar kan oppbevarast.

Sunnfjord Museum - adm.bygg

GÅR VIDARE MED PLANER: Musea treng betre utstillingsplass og betre lagringsforhold. No hentar politikarane fram gamle planar.

Foto: Ottar Starheim / NRK

– No er vi omsider tilbake der vi har halde på i mange år. Det skal no utgreiast eit forprosjekt slik at ein kan søke om statstilskot med tanke på realisering, og vi har lagt inn midlar i finansieringsplanen, seier leiar i kulturutvalet, Nils Gjerland.

Eit samrøystes finansutval vedtok denne veka å gå vidar med det såkalla Kløfta-prosjektet i Movika i Førde. Saka har versert i ulike storleiar i snart 10 år. Men no går dei vidare med ein nedskalert versjon ved Sunnfjord museum.

Nedskalert prosjekt

– Det er mindre omfattande enn det som var utgangspunktet i arkitekt konkurransen, men det er gjort ein del innsparingar for å få det rimelegare. Samstundes skal det dekke dei føremåla som det skal løyse. Så det bygger på det prosjektet, seier Gjerland.

Det vart sagt under møtet at dette prosjektet er det som fylkeskommunen klarer å få til, ettersom dei ikkje kan bygge drøymeprosjektet.

– Det var eit flott prosjekt som vi har måtte krympe for å få det gjennomført. No har det blitt forsøkt å finne andre løysingar men utan å lukkast. Så no håpar eg vi får ei realiserbar framdrift.

Lefdal gruver kan vere løysing for magasinet

Venstre ønskte å sjå på Lefdal gruver som ei mogelegheit for fellesmagasin, men vart nedstemt.

– For magasinet kan det vere ei løysing og det blir kanskje sjekka ut. Men det løyser ikkje utfordringane for dei tilsette i Movika og utstillingslokala dei manglar. No har musea jobba i eitt år med dette utan å komme fram til noko, og det er avgrensa kor lenge ein kan halde på å leite når ein trass alt har eit prosjekt som i alle fall løyser oppgåvene.

For Gjerland har eit fellesmagasin vore tema omtrent like lenge som han har vore i politikken. Men Gjerland meiner det er eit kvalitetsteikn.

– Politikk er ei tolmodigheitsprøve. Dei gode prosjekta toler tida. Men dette har tatt tid. No er tida overmoden for å finne ei praktisk løysing, seier han.