Den britiske regjeringa vil i løpet av hausten avgjere om reiarlaget Norwegian Seaways skal få statleg støtte til å drifte båtruta, melder Bergens Tidende i dag.
Det nyetablerte selskapet Norwegian Seaways har søkt om støtte til å få båtruta på plass igjen, og ifølgje avisa er det no fleire kommunar i det nordaustlege England som stiller seg bak søknaden.
Viktig for turistnæringa på Vestlandet
Fram til båtruta vart nedlagt i 2008 var Englandsbåten svært viktig for turistnæringa på Vestlandet. Kvikne's Hotell i Balestrand er blant dei som har fått merke at den britiske marknaden har dalt.
– England var den viktigaste utanlandsmarknaden vår og vi merka med det same kraftig tilbakegang av britiske gjestar då sambandet vart lagt ned, fortalde hotelldirektør Sigurd Kvikne til NRK.no i fjor vinter.
Fleire reiselivsaktørar varsla då at dei ikkje vil gje opp kampen, og no ser det ut til at det kan skje ting.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Trur ruta vil skaffe turistar og arbeidsplassar
Reiselivsdirektør Ole Warberg i Bergen Reiselivslag stadfestar overfor Bergens Tidende at dei framleis jobbar med å få til ei ny rute til England. Kor nære dei er å kome i mål kan han ikkje seie i dag.
Også på den andre sida av Nordsjøen er det mykje på spel. Ordføraren i Tyneside Council skal ifølgje Bergens Tidende ha sagt ei ny ferjerute vil vere ei viktig økonomisk drivkraft for kommunen.
– Det er ingen tvil hos oss om at ferjesambandet til Norge vil skaffe turistar og arbeidsplassar, ikkje berre i Tyneside, men over heile Nordaust-England, seier Linda Arkley.
Bergens Tidende skriv at den britiske regjeringa kvart år deler ut store beløp til utvikling av næringslivsprosjekt som kan skaffe arbeid i regionar med mykje arbeidsløyse.