Hopp til innhold

Nytt håp for brannråka hotell

Det er nytt håp om å få bygd opp att Hopstock Hotell i Vik.

Frå baksida av Hopstock Hotell

BRANN: Erverdige Hopstock Hotell brann ned i slutten av mai 2010.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Selskapet Travel Property Holding AS har kjøpt 51 prosent av Nye Hopstock AS. Med dette tek dei også plass i førarsetet i arbeidet for ei attreising av Hopstock Hotell.

Hopstock Hotell brann ned til grunnen i mai i fjor , og Vik har sidan vore utan hotell .

– Vi har lenge vore i forhandlingar med Carl Andre (Rieber, red. anm.). Vi ser på Vik som ein viktig destinasjon for Sognefjorden, og er fascinert av det sterke lokalsamfunnet i Vik som ein styrke for Hopstock Hotell, seier Gunnar Nerdrum Aaagaard i Travel Property Holding.

Planar klar til nyttår

I tillegg til å byggje opp att det brannråka hotellet, og restaurere motellet, opnar avtalen og for ei overtaking av hotell-annekset på naboeigedomen.

Travel Property Holding er eigd av Rolf Wikborg, som mellom anna eig Tørvis Hotell og hotellkjeda MountainFjord. Ifølgje ei pressemelding har verksemda starta arbeidet med å finansiere attreising, og skal innan nyttår ha planar og finansiering klar.

– Vi håpar å sette i gang så fort som råd med branntomta. Samstundes vil vi bruke tid til å få innspel i høve til kva som er fornuftig å gjere med den hotellmassen som er der no, seier Aagaard.

Stor tru på Vik

Attreisinga av hotellet er første steg i Travel Property Holding sine planar for ei storveges satsing i Vik. Dei neste to stega omhandlar eit konferanseanlegg og hotell ved fjorden.

Aagaard meiner både mat- og drikketradisjonar er gode føresetnader for å kunne drive reiselivsverksemd i Vik.

– Vi har veldig, veldig tru på Vik som destinasjon og som utgangspunkt som opplevingsbasert turisme, seier Aagaard og nemner både ølbryggjeri, slakteri, gamalostproduksjon, stavkyrkje og kultursti.

Video Brann ved Hopstock hotell

SJÅ: Brann ved Hopstock hotell.