Etter at det kom nye tryggleikskrav for flyplassane har framtida til Sandane Lufthamn vore usikker. Ei utviding av rullebana har til no sett ut til å vere uråd å realisere, men i dag skriv Firda Tidend om ein ny rapport som konkluderer med ein prislapp som er langt lågare enn det som tidlegare har kome fram.
300 millionar billegare
Rapporten som er laga av konsulentfirmaet Norplan for Gloppen kommune, konkluderer med ein prislapp på 110 millionar kroner for utviding til 1000 meter. Det er nesten 300 millionar kroner mindre enn det ein før har kalkulert med. Rådmann Martin Lyngstad i Gloppen kommune meiner rapporten gjer det reelt å oppretthalde flyplassen. Alternativet er å leggje ned flyplassen, og få all trafikken på landevegen, seier han.
Vil halde fram med Dash 8
Dash 8 fly
Tidlegare har det kome framlegg om å bruke mindre og lettare fly, men det har Widerøe avslått som eit reelt alternativ. Og rådmannen seier at intensjonen med ei utviding er å halde fram å fly med Dash 8-maskiner på Sandane slik som i dag.
Men rapporten vert nok ikkje siste ord i debatten kring lufthamna på Sandane, trur han.