NRK Meny

Nytt håp for «Norges verste veg»

Fylkesrådmannen tilrår at det blir løyvd 351 millionar kroner til siste del av fylkesveg 60 Olden–Innvik dei neste åra, skriv Fjordingen. Strekninga er den siste flaskehalsen på det som har vore kåra til «Norges verste veg». Ordførar i Stryn, Sven Flo, seier dei i langt tid har jobba for å få plass siste byggesteget og at det no er viktig å få sett av pengar til prosjektet.

Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå
Milliongåve til Redningsselskapet som takk for innsatsen