Hopp til innhold

Nytt Fjord1 sal hamnar truleg også i Konkurransetilsynet

Når Sogn og Fjordane fylkeskommune sel Fjord1-aksjane sine til Havila, er dette ein så stor handel at det er truleg den kjem til å hamne i Konkurransetilsynet.

MF "Sogn", Manheller-Fodnes

SEL TIL HAVILA: Sogn og Fjordane fylkeskommune sel sine aksjar i Fjord1 til Havila.

Foto: Anna Gytri / NRK

– Dersom ein gjer ei føretakssamanslutning som er meldepliktig, så kjem vi til å gjere ei vurdering. Og når nokon kjøper meir ein 50 prosent av eit selskap, så utløyser det vanlegvis meldeplikt til Konkurransetilsynet, seier nestleiar Vegard Aandal-Nilsen.

Onsdag denne veka vart det kjent at Sogn og Fjordane fylkeskommune og Havila har vorte samde om ein avtale som gjer at Havila no får kjøpe seg opp frå 41 til 67 prosents eigarskap i Fjord 1.

Avtalen inneber vidare at Havila har opsjon på å kjøpe dei resterande 33 prosentane seinare.

Stogga avtale med Torghatten

Tidlegare i sommar stogga Konkurransetilsynet eit planlagt sal av aksjane til Torghatten. At Sogn og Fjordane fylkeskommune ynskte å selje aksjane i Fjord1 til nettopp Torghatten, førte til mange og sterke reaksjonar.

Mindretalseigar Per Sævik og Havila varsla rettssaka mot fylkeskommunen , fordi dei meinte dei hadde forkjøpsrett til aksjane. Ei rettssak som fylkeskommunen no unngår.

Alt om striden kring salet av Fjord1 kan du lese her.

Då Konkurransetilsynet stogga salet til Torghatten var det fordi dei meinte det vil øydelegge konkurransen i ferjemarknaden.

– Ser du at det kan dukke same type problemstillingar også denne gongen?

– No må vi vurdere ei eventuell melding om denne saka. Då kjem vi blant anna til å sjå på om det føreligg overlappande verksemd, og om ein driv med konkurrerande verksemd innan ferjemarknaden, seier Aandal-Nilsen.